Hopp til hovedinnhold

Sterk NK-representasjon i ny bok om smykkekunst!

NK står sterkt representert i den nye boka til Jorunn Veiteberg, som har samla smykker og gjenstandar frå nesten 50 år. 210 smykkekunstnarar frå 30 ulike land er representert, og me i NK har sjølvsagt leita fram medlemmene våre. Sjå fullstendig lista lengre ned i saken!

Nyleg kom boka Smykkeskrinet av Jorunn Veiteberg ut. Veiteberg er kunsthistorikar og forfattar, og har sidan tenåra vore ein ivrig smykkesamlar. Boka tar føre seg kvifor Veiteberg byrja å samla, samt kva som gjer smykke så fasinerande som samleobjekt og kunstnarleg medium.

Veitebergs samling dekkjer nesten femti år og inneheld 550 gjenstandar! 210 smykkekunstnarar frå 30 ulike land er representert, og blant desse finner me sjølvsagt ein god dose NK-medlemmer. Nokre av smykka er masseproduserte, medan andre er unike kunstverk. Boka er Veitebergs personlege historie, men boka er også meint som eit bidrag til nyare kunsthandverkshistorie.

Liste over representerte NK-medlemmer (med forbehold om avvik):
Anna Talbot
Anne-Karine Solgaard
Bjørn Sigurd Østern
Camilla Luihn
Ella Heidi Sand
Elsie-Ann Hochlin
Esther Helén Slagsvold
Felieke van der Leest
Fie von Krogh
Grethe Jilsøy
Hilde Dramstad
Inger Marie Berg
Ingjerd Hanevold
Jens Erland
Jorun Cathrine Riiser Schei
Karen Disen
Kirsti Reinsborg Grov
Kiyoshi Yamamoto
Konrad Mehus
Lillan Eliassen
Linda Jansson Lothe
Lise Schønberg
Liv Blåvarp
Margit Flaa
Millie Behrens
Nanna Melland
Olaf Tønnesland Hodne
Pål Vigeland
Regine Juhl
Reinhold Ziegler
Sigrun Aune
Sigurd Bronger
Synnøve Korssjøen
Tina Tvedt
Tone Vigeland
Toril Bjorg
Toril Glenne

Boka kostar kr 499 og fås kjøpt her eller sjekk ut di lokale bokhandel.

Publisert

Sist oppdatert

Kategorier

Nyheter

Mer fra aktuelt

Gå til Aktuelt