Solid NK-representasjon i ny bok om norsk kunsthåndverk
Nyleg kom boka "Norsk design og kunsthåndverk A til Å" av Mats Linder ut. Utgivelsen er ein viktig og sjelden begivenhet i kunsthåndverksfeltet, og nettopp derfor er det ekstra stas å sjå den solide mengden NK-medlemmer som blir omtalt i boka.
"Norsk design og kunsthåndverk A til Å" tar føre seg kva og kven som har satt tydelege spor på kunst- og designfeltet i Norge sidan slutten av 1800-talet. Linder har plukka ut 100 personar som han meiner har gjort seg fortjent til å representera norsk design og kunsthåndverk.
Lang prosess
Linder har arbeida med boka i over ti år, og legger ikkje skjul på at vegen har vore lang og kronglete. På si eige nettside skrive han blant anna at arbeidet med boka var ein omstendig prosess, og at det var krevjande å finna eit forlag som kunne gi ut boka. Motstanden gjorde at boka periodevis blei lagt på vent, men Linder gav aldri opp prosjektet. Om prosessen med å velga ut kven som skulle bli med i boka, skriv Linder følgjande:
NK ynskjer å gratulera Mats Linder og alle kunstnarane med denna viktige utgivelsen. "Norsk design og kunsthåndverk A til Å" kan man få kjøpt på Mats Linder si eige nettside, eller dei fleste andre stader der man kjøper bøker.
Publisert
Sist oppdatert
Kategorier
Nyheter