Hopp til hovedinnhold

NK svarar om Kunstnarkår

Kva må Stortinget og regjeringa gjere for å løfte arbeidsvilkåra for kunstnarar? Norske Kunsthåndverkere har klare krav når vi møter på Stortinget denne veka.

Ei hovudsak for Norske Kunsthåndverkere (NK) denne hausten er stortingsmeldinga «Kunstnarkår». Meldinga er det første framlegget til kunstnarpolitikk etter Jagland-regjeringa si melding «Kunstnarane» (1996–97).

I vinter skal meldinga handsamast på Stortinget. Som første steg er NK og andre kunstnarorganisasjonar inviterte til å komme med synspunkt i ei muntlig høring for Familie- og kulturkomiteen denne veka. NK har òg levert eit skriftleg svar der vi går nærare inn på fire av dei viktigaste sakene for oss:

  • Utstillingshonorar for arbeid med utstillingar – innføring av ei forpliktande ordning for alle 52 visningsstader med statleg støtte
  • Kulturmoms for kunsthandverk og meir konkrete tiltak for at kunstnarar kan arbeide over heile landet
  • Styrking av visuell kunst i skulen
  • Nei til overføring av sekretariatsfunksjonen for Statens kunstnarstipend frå organisasjonane til Kulturdirektoratet

Her kan du lese heile NK sitt svar, innsendt til Stortinget 11.12.2023:

INNLEIING
Norske Kunsthåndverkere (NK) takker for høvet til å kommentere meldinga. Vi held oss til utfordringane for det visuelle kunstfeltet. For kapittelet om sosiale rettar viser vi til den politiske plattforma til Kunstnarnettverket, der NK er medlem.

KUNSTNAR- OG UTSTILLINGSØKONOMI
«Kunstnarkår» slår fast at «kunstnarar er arbeidsfolk som skal få rimeleg betalt» (s. 89), og at arbeids- og oppdragsgjevarar har eit ansvar for dette. Meldinga peiker òg på visuelle kunstnarar sin sårbare økonomi (s. 86). NK er glade for at regjeringa i meldinga vil styrke utstillingsøkonomien og slår fast at ein sterk institusjonsøkonomi er avgjerande i dette. Mest konkret er initiativet til å fullføre forhandlingane av ein ny avtale for utstillingsvederlag (UV). NK har lenge arbeidd for ein modernisert avtale med gode rammer for arrangørar og styrka inntekter for kunstnarane.

Regjeringa vil òg vidareføre ordninga som skal sikre kunstnarar utstillingshonorar (UH) for arbeid med utstillingar. NK gler seg over at regjeringa meiner «[UV-avtalen] må sjåast i samanheng med utstillings-honoraret og andre tiltak som styrkjer utstillingsøkonomien på det visuelle feltet» (s. 108), og over løyvinga i statsbudsjettet på 15 mill. ekstra til dette føremålet. Forslaga er ein lovande start på det som kan bli den viktigaste reforma på det visuelle kunstfeltet sidan 1970-talet. Men ordninga har til no vore symbolsk finansiert, og det er ikkje nok å stille krav til rapportering og statistikk frå institusjonane om utbetalingar. UH-ordninga treng tilstrekkeleg finansiering, og meldinga treng meir forpliktande formuleringar. Vi vil òg peike på at evalueringa av pilotprosjektet for UH viste at eit stort fleirtal av institusjonane ønska øyremerking av midlane. NK ber om denne merknaden:

  • Prioritering 11.4 (s. 108), nytt punkt:
  • Bygge ut ordninga for utstillingshonorar, gjennom øyremerkte midlar til alle museum og visningsstader med statleg driftsstøtte av varig karakter.

KUNSTNARSTIPEND OG ARMLENGDS AVSTAND
NK støtter lovfestinga av prinsippet om armlengds avstand, som er varsla i kapittel 4 i «Kunstnarkår». Her er mykje plass vigd til Statens kunstnarstipend (SKS). Vi gler oss over at departementet meiner det er i tråd med god forvaltning at kunstnarorganisasjonane sjølve peiker ut medlemmar til innstillingskomiteane, og ikkje staten, slik det har vore foreslått før. Positivt er det òg at regjeringa vil halde fram med å trappe opp ordningane under SKS og auke aldersgrensa for langvarige stipend til 70 år.

Så foreslår departementet å endre stipendhandsaminga på andre punkt. Ein vil overføre sekretariatsfunksjonen for tildelinga til Kulturdirektoratet, i dialog med kunstnarorganisasjonane, og at statlege stipend skal handsamast separat frå organisasjonane sine eigne vederlagsstipend.

NK støtter fullt ut regjeringas mål om å «sikre ei ryddig forvaltning av støtteordningar, stipend og tilskot, som følgjer regelverk og gode forvaltningsmessige prinsipp og sikrar likebehandling, habilitet og openheit» (s. 49). For NKs del lar dette målet seg realisere utan å avstå sekretariatsfunksjonen. Vi har over lang tid skaffa oss erfaring frå og kompetanse i innstillingsarbeidet. Vi arbeider i tråd med forvaltningslova, og opplever stor tillit både frå den statlege forvaltninga og frå søkarane.

NK har òg lenge samordna tildelinga av statlege og eigne vederlagsstipend. Kunsthandverkarane sine vederlagsstipend er finansiert av visningsvederlag og bibliotekvederlag. Dei har altså ei kulturpolitisk grunngjeving, og skil seg ikkje vesentleg frå statlege stipend. Både vederlagsstipenda og statsstipenda har spesifikke regelverk, som innstillingskomiteen følgjer. Vi kjenner oss difor ikkje att i påstanden om at felles handsaming kan gi forvaltningsmessige utfordringar (s. 55).

Ein felles handsaming, der NK stiller med sekretariat for komiteen, gjer arbeidet effektivt. Å skille handsaminga av statlege og vederlagsbaserte stipend vil i praksis krevje dobbelt arbeid og truleg to ulike innstillingskomitear. For å sikre ei god samla fordeling av stipendmiddel må tildelingane frå SKS vere avklart først. Vederlagsstipenda må då handsamast ei anna tid på året, og kostnaden for sistnemnde må dekkast av vederlagsmidla. Altså blir det mindre pengar å fordele og meir byråkrati. Kunstnarane må bruke meir tid på søknadsarbeid, og mindre på kunstnarleg arbeid. Dette er ei svært lite tenleg løysing. NK rår heller til at staten inngår ein formalisert forvaltningsavtale med sekretariata, som sikrar god handsaming.

NK er imot å gi SKS større fleksibilitet i fordelinga av kvoter. Som i dag må utvalet legge median inntekt blant kunstnargruppene til grunn. Her slår «Kunstnarkår» fast at visuelle kunstnarar ligg lågast av alle (s. 19). Kunsthandverkarar har dessutan svak tilgang til vederlagsstipend. Vi ber om desse merknadane:

  • Prioritering 4.6 (s. 58):
  • Sikre at forvaltninga av Statens kunstnarstipend møter utviklinga i kunstnar-befolkninga, i kunstfelta og i kunstuttrykka. Føre vidare prinsippet om tilbakeføring av frigjevne stipendheimlar til gjeldande kunstnargruppe (i staden for 3. pkt).
  • At departementet sett i gang eit arbeid for å vurdere sekretariatsfunksjonen i kunstnarorganisasjonane, med særskild vurdering av kvart enkelt sekretariat, der målet er ein handsaming av innstillingsarbeidet som sikrar ei ryddig forvaltning av støtteordningar, stipend og tilskot, som følgjer regelverk og gode forvaltningsmessige prinsipp og sikrar likebehandling, habilitet og openheit. Staten skal inngå ei formell forvaltningsavtale med sekretariata (i staden for 5. pkt).
  • Revidering av forskrifta for SKS skal òg sikre at stipenda blir justerte årleg, i tråd med rammene for lønnsvekst i staten (tillegg til 7. pkt).

STERKARE REGIONALE VERKEMIDDEL FOR VISUELL KUNST
Eit vellukka grep for det visuelle kunstfeltet under pandemien var dei ekstraordinære statlege løyvingane til innkjøp. Kunstnarar fekk sikra inntekt, galleria fekk økte inntekter og musea styrkte sine samlingar, noko som kjem publikum til gode. Slike tiltak er effektiv kunst- og kunstnarpolitikk. Likeeins må ambisjonen i meldinga om gode vilkår for kunst og kunstnarar over heile landet få uttrykk i konkret politikk: gode støtteordningar, tilgang til utstyr og satsing på kompetanse. Kunsthandverkarane har unik kunnskap om material og ressursbruk, og ei evne til å tenke nytt. Å satse på dei, er å satse på innovasjon, næring og utvikling av handverkstradisjonar. NK ber komiteen gjere følgande tillegg:

  • Det offentlege sin del av kjøp av norsk kunst skal aukast (nytt punkt, 13.10)
  • Regionar og kommunar må sikre gode arbeidsvilkår for kunstnarar og tilby rimelege lokale for verkstader (nytt punkt, 13.10)
  • Kulturrådet si støtteordning for fellesverkstader må utvidast, så kunstnarar kan søke om støtte til investeringar og utstyr også til separate verkstader (nytt punkt, 13.10)
  • Redusert moms for verneverdige handverksfag skal greiast ut (nytt punkt, 3.2)

KUNST FOR BARN OG UNGE
At barn og unge får oppleve kunst er avgjerande for rekrutteringa til kunstfeltet vårt. Den kulturelle skulesekken (DKS) bidreg til dette og gir oppdrag for kunstnarar over heile landet, men visuell kunst er underrepresentert i DKS. I 2021 ble DKS-LAB etablert for utvikling av visuelle prosjekt til skulen, og ordninga er ført vidare til 2027 med private midlar. NK meiner staten og regionane må legge til rette for DKS-LAB og tiltak som styrker kompetansen til lærarane. Vi ber om følgjande tillegg:

  • Kompetansemiljø i det visuelle feltet – som DKS-LAB – skal styrkast for å bidra til gode kunstproduksjonar for barn og unge (nytt punkt, 13.10)
  • Regionar og kommunar må prioritere styrka kompetanse for lærarar i estetiske fag i skulen (nytt punkt, 13.10)

Last ned høyringssvaret her.

Publisert

Sist oppdatert

Kategorier

Nyheter

Mer fra aktuelt

Gå til Aktuelt