Stemningsrapport fra opninga av Årsutstillingen 2020

26 av 46 kunstnarar hadde anledning til å koma på opninga.
Foto
Kjetil Rydland
Denne helga opna Årsutstillingen 2020 på Nordnorsk Kunstmuseum i Tromsø. Det blei ei litt anleis opning enn tidlegare år, men NK og NNKM seier seg godt nøgde med resultatet og håpar mange vil ta turen for å sjå utstillinga i tida framover.
På grunn av smittevernhensyn måtte Årsutstillingen i år opna med kun spesielt inviterte til stede. Sittande med god avstand mellom kvarandre deltok heile 26 av dei 46 antatte kunstnarane. Heile opninga blei direktesendt på Facebook og YouTube, og gjorde det for fyrste gong mogleg for heile Noreg å følga med trygt heime i sofaen. Dersom du ikkje fekk med deg direktesendinga, fortvil ikkje – den ligger publisert i sin heilhet her.
 
Smakebit på utstillinga
Utstillinga står fram til 14. mars 2021, og me i NK håpar sjølvsagt at så mange som mogleg vil ta turen opp til Tromsø for å oppleva Årsutstillingen 2020 med eige auger. Dersom du er av den utolmodige typen finnes det også moglegheitar for å få ein liten smakebit i førkant. Her kan du ta ein nærare titt på nokre av verka i utstillingen, og her kan du vera med på juryleiar Toril Bonsaksen sin eksklusive omvisning som var søndag etter opninga. 
 
Gratulerar til prisvinnarane
NK ynskjer å gratulera Sofia Karyofilis som vinnar av Finn Alsos' minnepris, og Linda Morell som vinnar av Debutantprisen. Karyofilis vann for sitt verk "Etter tørke" (2019) som juryen omtalte som "særdeles godt gjennomført som helhet og i alle detaljer". Morell vann Debutantprisen med verket "Epidaurus" (2020). "...konseptet treffer tilskueren rett i magen – på en umiddelbar, fysisk og følelsesmessig måte", var nokre av lovorda juryen gav verket. Les meir om prisvinnarane og verka deira her

Morell og Karyofilis


Prisvinnarar Linda Morell og Sofia Karyofilis. 
Foto
Mari Henanger
 
Godt salg
Ein solid andel av verka i Årsutstillingen har allereie blitt kapra. Heile 24 verk av 20 ulike kunstnarar er kjøpt opp, og på kjøparlista står blant anna Oslo Kommunes Kunstsamling, Troms og Finnmark Fylkeskommune, Nasjonalmuseet og KODE. Det gode salget på årets Årsutstilling er ekstra gledeleg i ei tid da kunstnar- og kulturøkonimien er spesielt pressa. 

Forfattar Sigbjørn Skåden leser opp tekst. 

Åpningstale.

Åpningstale. 

Linda Morell mottek Debutantprisen. 

Sofia Karyofilis mottek Finn Alsos' Minnepris. 

Prisvinnarar Linda Morell og Sofia Karyofilis. 

Musikkinnslag av Benjamin Mørk. 

Ellen Grieg og verket hennar "REV rød 1" (2020).

Helen Hausland foran verket "Anima Mundi" (2020). 

Andrea Scholze og verket hennas "Temporary Being" (2018).