Slik var finissage-helga til Årsutstillingen 2021
Årsutstillingen 2021 er over, og her kjem ein oppsummering av utstillingens siste visninghelg med symposium, kunstnarpresentasjonar, kunstnarsamtalar og andre formidlingsarrangement. Sjå opptaka her, om du ikkje fekk dette med deg!
Førre helg blei Årsutstillingen 2021 avslutta med ei spennande finissage-helg på Sørlandets Kunstmuseum! Helga blei kickstarta med eit innholdsrikt symposium, som bestod av både foredrag, kunstnerpresentasjonar, filmvisning og panelsamtale. Tone Andersen, Daniela Bergschneider og Mingshu Li holdt alle kunstnarpresentasjon for publikum. Ann Kristin Aas og Ingrid Berge blei intervjua av moderator og kurator ved SKMU, Hanne Cecilie Gulstad. Heile arrangementet blei direktesendt på Facebook, og for dei som ikkje fekk det med seg, så ligger opptaket ute her.
Lørdag var det omvisning i utstillingen og familieverksted med inspirasjon fra kunstnar Siri Skjerve, og søndag arrangerte Norwegian Crafts kunstnersamtale med tittelen On Making, Matriarchs and Mapping. Moderator Marcia Harvey Isaksson tok ein prat om krafta i tekstile teknikker med kunstnarane Karen Lidal og Monika Mørck. Også dette arrangementet blei direktesendt på Facebook, og opptaket er sjølvsagt tilgjengeleg for dei som ikkje fekk det med seg her.
Med det blei Årsutstillingen 2021 avslutta, og me ynskjer å takka både Sørlandets Kunstmuseum og alle dei deltakande kunstnarane for årets samarbeid.
Publisert
Sist oppdatert
Kategorier
Årsutstillingen