Kunsthåndverker vant "Årets Tilbehør" under Bo Bedres Designpris

Kaja Solgaard Dahl: "Krukke & Arch"
Foto
Andy Liffner
Kaja Solgaard Dahl gjekk av med seieren for "Årets Tilbehør" under Bo Bedres Designpris 2020. Den Oslobaserte keramikeren vant for duftskulpturserien "Krukke & Arch" for Origin Made.

Kvart år arrangerar interiørmagasinet Bo Bedre Bo Bedres Designpris. Ein av kategoriane er "Årets Tilbehør". Kriteriumet for å bli nominert til denne prisen er at produktet løfter og tilfører interiøret "det lille ekstra" - og i seg sjølv har det lille ekstra kva gjelder kvalitet og uttrykk. I år gjekk denne prisen til keramikar Kaja Solgaard Dahl for hennas duftskulpturserie "Krukke & Arch". 

 

Kaja Solgaard Dahl

Juryens begrunnelse
I krisetider ser me på heimane våre med nye auger: Det skal vera ein trygg og god stad, der me finner ro og styrke, men også ein stad som stimulerar sinnet og sansane. Årets tilbehør gjer nettopp det. Til tross for at det å skapa dufter er eit eldgammalt håndverk, og at luktesansen i seg sjølv kanskje er den som lettast frambringer minner, er duftskulpturar ein underutvika produktkategori.

Objekta Krukke og Arch bringer dermed noko nytt inn i heimen, dei berører tidsånden og oppleves samtidig nyskapande. Duftsprayar og oljebrennarar kjenner me til, men i Kajas skulpturar, utført av dyktige håndverkarar i Portugal, får me ikkje berre det fine, dekadente frå dufta, men eit vakkert, formalt objekt me gjerne vil sjå på kvar dag.

Årets Kunsthåndverk
Prisen for "Årets Kunsthåndverk" gjekk i år til Anna Maria Øfstedal Eng og fata "Innåt".