Hopp til hovedinnhold

Harald Solberg (1954–2020) til minne

Det var med stor sorg vi i sommer mottok budskapet om Harald Solbergs bortgang. Kunsthistoriker Jorunn Veiteberg har skrevet minneord til ham.

Solberg var en svært markant figur i kunstfeltet, både som keramiker, nyskapende kurator, og som leder og ildsjel for Bomuldsfabriken Kunsthall, som gjennom hans fremragende innsats ble en landets mest anerkjente kunstinstitusjoner. Kunsthistoriker Jorunn Veiteberg har skrevet minneord til ham. Vi gjengir det i sin helhet her. Minneordet kommer også på trykk i den nyeste utgaven av Tidsskriftet Kunsthåndverk.

Med Harald Solbergs bortgang 13. juni 2020 mista vi ein av dei fremste kuratorane i Noreg. I dei 23 åra han var dagleg leiar på Bomuldsfabrikens Kunsthall, stod han bak nesten 300 utstillingar. Rolla til kuratoren er mangslungen, og i faglitteraturen tyr ein gjerne til ulike samanlikningar for å forklåra kva ein kurator er: redaktør, dirigent, regissør, diplomat, vaktmeister, fødselshjelpar, økonom og terapeut er nokre av dei vanlegaste. Solberg fylte mange av desse funksjonane, for han hadde både store visjonar og evne til å setja dei ut i livet. Og det meste av arbeidet utførte han sjølv. Inga oppgåve var for stor eller for liten. Han køyrde gjerne langt for å henta kunstverk til ei utstilling, og undervegs kunne han ordna ulike oppgåver over telefonen. Var han misnøgd med forslaget til grafisk design på plakatar og invitasjonar, tok han gjerne over utforminga. Utstillingsarkitektar behøvde han heller ikkje, også den oppgåva kunne han løysa sjølv. I denne samanhengen er det likevel idérikdomen når det galdt innhaldet i utstillingane eg har mest lyst til å framheva.

Det som gjorde Solberg til ein særleg god kurator, etter mi meining, var at han ikkje var opptatt av å følgja trendar i kunstlivet, eller let seg styra av snevre definisjonar av kva som er «relevant samtidskunst». Han var nyfiken av natur, og open for alle slags kunst- og kulturuttrykk. Høgt som lågt, gamalt som nytt. Det kom det overraskande utstillingskonsept ut av, med lokkande titlar som til dømes Den store kaninutstillingen, for ikkje å gløyma utstillinga av verdas største samling av svenske «björktavlor». Er det ei særeigen linje i Solbergs mangfaldige og eklektiske utstillingsprogrammering, er det sansen for subkulturar og det «finkulturen» har neglisjert og marginalisert. «Nye stemmer» var meir enn honnørord for han. I Bomuldsfabriken var det plass til unge og nyutdanna kunstnarar, men også dei sjølvlærte (Annan konst) og «outsider»-kunstnarar som Lars Kristian Gulbrandsen (1931–2005). Rockabillyhistorie og -kultur var mellom dei mange interessene hans som blei formidla gjennom utstillingar av fotografen Raymond Mosken. Ateisten Solberg hadde også stor sans for religiøse oljetrykk og innramma bibelord. Av historiske utstillingar er det verd å trekkja fram Krigsbilder frå 2015, kuratert av Kathrine Lund, som tok for seg eit til då lite kjent kapittel i norsk kunsthistorie, nemleg kunsten og kunstnarlege vilkår under okkupasjonen 1940–45. Desse utstillingane supplerte på beste vis den faste samlinga med deponerte verk av kjente norske kunstnarar, men også i monteringa av samlinga demonstrerte han eit skarpt visuelt blikk for overraskande koplingar. Her spelte det nok inn at han sjølv var utdanna kunstnar.

Keramikar
Harald Solberg blei født 21. juli 1954 og vaks opp i Målselv i Troms. Allereie som barn viste han særleg talent for teikning, og i tillegg spelte han fleire instrument. I 1976 kom han inn på keramikklinja på Bergen Kunsthåndverkskole (no del av Fakultet for kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen) og starta saman med mellom andre Torbjørn Kvasbø og Elisa Helland-Hansen. I klassen over gjekk Marit Tingleff, Hanne Heuch og Gunnar Thorsen, i klassen under Jon Skognes, Trond Skog og Ann Beate Tempelhaug. Mange av dei har seinare deltatt i utstillingar på Bomuldsfabriken.

Til Sørlandet kom Solberg først som undervisar i keramikk på Agder Folkehøgskule, ein viktig rekrutteringsarena til keramikkfaget i Noreg på 1980- og 90-åra. Han slo seg ned med familien i Lillesand og blei buande der også etter at han fekk jobb som høgskolelektor/amanuensis i keramikk i Bergen i 1990-åra. På den tida begynte nokre av studentane å interessera seg for den keramiske populærkulturen og begynte å utforske kva ein stad som Porsgrunds Porselænsfabrik kunne tilby ein kunstnar. Solberg var straks open for denne nyorienteringa, og viste det i sin eigen kunstnarlege praksis. Saman med ein av sine tidlegare studentar Irene Nordli og fotografen Ole John Aandal stod han bak utstillinga Great Things From Somewhere, som blei vist både på Galleri RAM i Oslo og Galleri Bomuldsfabriken i 1996. Alle tre hadde brukt tallerkenar som medium for overføring av funne foto frå reklame og media. Slik skapte dei objekt som både refererte til tradisjonen med minneplatter, noko som gjerne blir rekna som kitsch eller trivialkunst, men som dei hadde gjort om til sjølvrefleksive og unike kunstverk. Solberg har også stått bak fleire offentlege utsmykkingar, og han blei for nyleg innkjøpt til Sørlandets Kunstmuseum. Men det er Bomuldsfabriken som lyt reknast som Solbergs største kunstnariske bragd.

Kunstnarkurator
Solberg blei tilsett som dagleg leiar ved Galleri Bomuldsfabriken (seinare endra til Bomuldsfabriken Kunsthall) i 1997. Denne stillinga hadde han fram til han døydde med unntak av to års permisjon frå 2004. Då henta Sune Nordgren han til Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design i Oslo som prosjektkoordinator og seksjonsleiar for design. Solberg innsåg nok raskt at han hadde det best som sin eigen sjef, og på Bomuldsfabriken var det dessutan mykje kortare veg frå idé til handling.

Solbergs bakgrunn som kunsthandverkar har sett tydelege spor i utstillingsprofilen. Ikkje minst tekstil og keramikk har ofte vore utgangspunktet for spennande mønstringar, og omfattande separatutstillingar har blitt fleire kunsthandverkarar til del. Meir enn nokon annan kurator laga han også gruppeutstillingar, der både kunsthandverkar og bildekunstnarar deltok på lik linje. Det viktige var ikkje utdanningsbakgrunn eller organisasjonstilhøyrsle, men å få fram ulike tilnærmingar til materiale og visa eit mangfald av idear.

Ikkje alle kunstnarar er like glade for kuratorane sitt inntog i kunstlivet, og den skapande rolla dei har inntatt i produksjonen av utstillingar. Dei føler ofte sin eigen autonomi trua. Men eg har aldri høyrt nokon klaga over Solberg på dette området. Tvert imot var det mange som spurte han om råd og hjelp når dei skulle stilla ut andre stader. Tilliten han møtte hos kunstnarane handla om at han var lydhøyr overfor deira ønske, og at alle visste at ambisjonane hans galdt kunsten og utstillingsprosjekta og ikkje eigen posisjon og prestisje. I tillegg kan Bomuldsfabriken by på nokre av dei beste utstillingsromma i landet, så Solberg hadde ingen problem med å få kunstnarar til å skapa nye verk til utstillingane på Bomuldsfabriken. Men ofte opplevde han at innkjøpskomiteane og media først viste seg når kunstnarane seinare viste dei same arbeida i hovudstaden. Solberg sådde, men fruktene blei ofte hausta av andre. At dette ergra han, la han aldri skjul på. Når han i tillegg møtte gjentakande lokal motbør frå bystyret og kommunen, kunne arbeidsdagen bli tung. Likevel fekk det han aldri til å ty til grep som kunne gitt auka popularitet i somme krinsar. Solberg lefla aldri med kjendiseri, kommersialisme eller populisme, som større og rikare institusjonar enn Bomuldsfabriken har tydd til for å få fleire besøkande og meir merksemd. Når det galdt dette, var han kompromisslaus, og det er også ein av grunnane til at kunstnarar verdsette han så høgt.

Solberg slo seg aldri til ro med status quo, men la heile tida nye og ambisiøse planar for Bomuldsfabriken. Stadig fleire delar av bygningsmassen blei opna opp. Slik kom auditorium, kunstbokkafé, gjesteatelier og fleire attraktive utstillingsrom til. Jamvel ein filial for meir intime utstillingar, ARTendal, i sentrum av byen, er det blitt til. Med åra har Bomuldsfabriken også blitt ein viktig arena for konsertar. Det mest spektakulære og krevjande prosjektet Solberg har drive fram, er Kunstarena Torbjørnsbu gruver, der ein på ei gigantisk gangbru av jern kan gå frå Bomuldsfabriken til dei gamle gruvene bak kunsthallen. Opninga skjedde i mai 2018, men allereie i utstillinga Fortuna i 2001 retta Solberg merksemda mot desse gruvene. Utstillinga handla om lokal industrikultur og aktuell metallkunst. Omnsskulpturar frå Næs Jernverk frå 1700- og 1800-talet, laga av jern frå Torbjørnsbu gruver, blei utstilt side om side med kunstverk av nolevande kunsthandverkarar som Michael Rowe, Pål Vigeland, Leif Stangebye-Nielsen, Synnøve Korssjøen, m.fl.

Gruvene blei den gongen brukt som søppelfylling, og det var liten oppslutning i kommunen til Solbergs idé om å rydda det mektige dagbrotet og gjera det til ein kombinasjon av kulturminne og rom for utandørs skulptur. Mange hadde gløymt at Arendalsfeltet i fleire hundreår var ein storleverandør av malm til norske jernverk, og at gruvedrifta var medverkande til at det vaks fram ein by her på 1500-talet. Det tok mange år før Solberg fekk høve til å realisera visjonen sin, men han gav aldri opp. I dag vil truleg dei fleste vedgå at Arendal er blitt ein attraksjon rikare, og anlegget blei nominert til Arkitekturprisen i 2019. Gjennom sin eineståande arbeidsinnsats utvikla han Bomuldsfabriken til å bli ein av dei fremste visningsstadane i Norden. Solberg har kort og godt sett ein standard som kan tena som forbilde for andre.

Den siste utstillinga Solberg signerte var 26 kunstnere 26 år, som opna nett før koronapandemien braut laus, for så å opna igjen denne sommaren. Det er ei slags jubileumsutstilling med verk frå eit selektivt utval kunstnarar som har deltatt i utstillingar på Bomuldsfabriken gjennom åra. Kva kriterium som ligg til grunn for utvalet, blir ikkje opplyst, men sidan 26 kunstnere 26 år også var tenkt som Solbergs siste utstilling før han ville trekkja seg frå jobben, er det freistande å tolka henne som eit «statement». Utstillinga viser at Solberg hadde ein stor tillit til kunsten si evne til å tala til oss bortanfor ord og teori. Slik liknar den visuelle kunsten som Solberg fremja musikken, og til liks med musikken finst kunsten i mange ulike variasjonar og uttrykk. Visuelt sterk og stimulerande set denne utstillinga eit verdig punktum for Solbergs kuratorgjerning.

– Jorunn Veiteberg –

Publisert

Sist oppdatert

Kategorier

Nyheter

Mer fra aktuelt

Gå til Aktuelt