Hopp til hovedinnhold

Dette er NKs nye styreleiar!

Denne helga blei NKs landsmøte 2021 i avholdt på tradisjonsrike Granavollen. Her takka me avtroppande styreleiar Hanne Øverland for fire fantastiske år i NK, og tok imot Runa Vethal Stølen som ny styreleiar.

Etter to periodar som styreleiar i NK, valgte Hanne Øverland å ikkje stilla til gjenvalg ved årets landsmøte. Dermed gjekk stafettpinnen vidare til Runa Vethal Stølen, som under landsmøte denne helga blei valgt til NKs nye styreleiar. Me har tatt ein prat med Stølen, for å bli betre kjent med personen som skal representera fagorganisasjonen NK utad i tida framover.

Runa Vethal Stølen (f. 1975) har bachelor -og mastergrad i visuell kunst (2007 og 2009) fra Kunsthøgskolen i Oslo. Ho har jobba som metall -og smykkekunstnar etter avslutta utdannelse. Stølen har hatt ulike kunstneriske engasjement ved sidan av eige virksomhet med variert erfaring som prosjektleiar, koordinator, konsulent, sensor på KHiO, verneombud og diverse styrearbeid. Dei siste sju åra har ho vore fast ansatt som konsulent i Folkeakademienes landsforbund, og sidan 2020 har hun vore regionleiar i NK Oslo.

Korleis føles det å vera NKs nye styreleiar?
Å få lov til å vera med å vidareutvikla og representera ein organisasjon som betyr så mykje for oss kunsthandverkarar, føles stort. Eg er veldig takksam for tillita og gler meg til å komma i gang med arbeidet.

Kva er din motivasjon for å ta fatt på denne jobben?
Min motivasjon er først og fremst eit genuint ynskje om å hegna om og synleggjere kunsthandverk som ein respektert og aktuell del av vår kultur. Kunsthandverk er ein kunstform i særklasse, den favnar breitt innanfor den frie kunsten og ivaretar unik kunnskap om handverksteknikkar med lange tradisjonar. Eg meinar kunsthandverk bør få ein større plass i dei store musea, og at me bør halda fram med å jobba for å formidla kunsthandverk til dei neste generasjonane. Bl.a. ved at born og unge får eit fagleg godt kunst- og kulturtilbud i og utanfor skulen. Elles blir den viktigaste oppgåva no å fortsetta arbeidet med å sikra kunsthandverkarane økonomisk tryggheit, gjennom fleire støtteordningar, gode sosiale rettigheitar og løn for arbeid. Det har vore gjort ein enorm innsats på detta området dei siste åra, og eit konkret mål må vera å få på plass ein ny utstillingsøkonomi-reform. Det er mange saker som bør følgast opp ganske snart, og det er viktig med kontinuitet i arbeidet som allereie er igangsatt. Det har vore veldig krevjande tider for kunstnarar og kulturaktørar dei siste par åra. Det gjev ein ekstra motivasjon til å tala medlemmenes sak.

(Saken held fram under biletet)

Kva ser du fram til med oppgåvene du har foran deg?
Aller først skal eg vera ein svamp og tileigne meg så mykje informasjon som mogleg om organisasjonen og det politiske arbeidet. Eg gler meg til å bli betre kjend med folk både i og utanfor organisasjonen, samarbeidspartnarar og politikarar. Eg vil sjå mykje kunst, også gler eg meg veldig til å få konstituert styret. Eg skal forsøkje å vera lydhør og samarbeida så godt eg kan – med veldig kompetente folk i både styret og administrasjon.

Korleis blir det å ta over etter Hanne Øverland?
Hanne er ekstremt godt orientert om det meste. Ho har openbart gjort ein veldig god jobb, og det er godt å vita at me har ein liten periode med overlapping i starten.

Me i NK ynskjer Runa Vethal Stølen varmt velkommen som ny styreleiar, og ser fram til samarbeidet!

Publisert

Sist oppdatert

Mer fra aktuelt

Gå til Aktuelt