Hopp til hovedinnhold

Dele tilpasse tilhøyre: Eit seminar om Migrasjon

Utstilling og seminar tar opp temaer rundt hvordan identiteter og lokalsamfunn blir påvirket av innvandring.

- Flora er ein kommune med mange innvandrarar og har ord på seg for å ta godt i mot og til dels integrerer mange innvandrarar. Desse nye Florøværingane er ein svært viktig del av lokalsamfunnet, ikkje minst i arbeidslivet.

Dette er, ifølge en pressemelding, «utgangspunktet for eit kunst/ designprosjekt gjennomført i Flora og i verfts/hamnebyen Saint Nazaire i Frankrike våren og hausten 2014».

Prosjektet, som har tittelen "Identitet i bevegelse" ("Replanted identity"), resulterte i en utstilling som først ble vist på designbiennalen i Saint-Etienne våren 2015, før den gikk videre til Saint Nazaire og Paris og nå åpner i Florø 14. januar 2016.

Ifølge pressemeldingen kom ideen fra designerne Ralston og Bau fra Dale, som også er drivkreftene bak prosjektet, utstillingen og også et seminar som finner sted 15. januar i forbindelse med utstillingen i Flora samfunnshus.

Ralston og Bau står bak Ideal Lab som beskrives som et program for å koble betydningen av design med spørsmål knyttet til sosiale miljøer i «mutasjon». I samarbeid med forskning, kunst, vitenskap, sosiologi og industri, er Ideal Labs målsetning å definere fremtidige behov, bidra med humane resultater og realisere fremtidige scenarioer gjennom håndgripelige produkter og prosesser.

Foto: Andreas Eikeseth Nygjerd

"Identitet i bevegelse" er fjerde prosjekt Ideal Lab har gjennomført og i prosessen med å skape kunst- og designprodukt deltok blant annet florøværinger med opphav i Øst-Europa i forarbeidet og i bedrifter som kunstnerne oppsøkte og jobbet i, som Westcon og Norblikk.

- I prosjektet deltok 6 kunstnarar i Florø som jobba fram verk til utstillinga, står det i pressemeldingen og videre om problemstillingen Ideal Lab ønsker å ta opp:

- Korleis blir lokalsamfunna påverka og forandra av dei mange innvandrarane som kjem hit, og korleis blir "vi" og "dei" påverka og forandra? Dette har fått interessante kunstnarlege uttrykk ut frå prosessar med samspel mellom kunstnarane og innvandrarar i bedriftene og lokalsamfunnet.

I seminaret vil Ideal Lab prøve å samle opp erfaringene fra prosjektet, men også vise hvordan Florø og innvandrere har møtt hverandre, utfordringer knyttet til dette møtet og forslag til løsninger.

- Dette er eit aktuelt seminar for dei kunstnarar som lever i dette spenningsfeltet, for bedriftene, for kommunar og andre institusjonar som prøver å møte ein utfordrande situasjon.Og for folk flest – dei som er og dei som kjem, forteller pressemeldingen.

Foto: Andreas Eikeseth Nygjerd

Om utstillinger står det:

- Utstillinga Replanted Identity viser tilsaman 12 verk som er eit resultat av Ideal Lab-verkstadane i Florø og Saint-Nazaire. Prosessen viser at det er mogeleg å skape eit unikt uttrykk i mellomrommet mellom det etablerte og det nye. Kva kan vi lære av det? Korleis kan vi utnytte det i lokalsamfunnet?

Mer info: ideal-lab.org

Utstillinga Replanted Identity opnar på Flora samfunnshus torsdag 14.januar kl 19.00

Den står til 24. januar.

Seminaret går fredag 15.januar

Påmelding: www.flora.kommune.no

Innan 8.januar. Deltakaravgift kr 300.

PROGRAM
Velkommen frå 09:00
Møte over ein kaffekopp og vandring i utstillinga
10:00 Opning
- Fylkesdirektør for kultur: Ingebjørg Erikstad .
- I deal lab – prosjektet Replanted Identity, Birgitta Ralston/Laurent Chambon, sosiolog PhD

DELE
10:30 Kven er du? Kunsten å skape rom for å møtast og dele historia om seg sjølv.
Når ein møtest over ein kopp kaffi, deler ein tid og får ein sosial relasjon. Identitet vert skapt gjennom å dele felles interesser, det handlar om å møtast i ein aktivitet som betyr noko for begge.
- Subsea coffee; Vera & Kyte
- Om å vere den andre: To som kom som flyktningar til Florø
- Polske florøværingar i samtale om å komme til Florø. Kva må til?
- 2 elevar frå UWC deler sine erfaringar med å komme til Norge
- Kven er du, Flora kommune: Terje Heggheim Speed-date / kven er du? – v. Jorunn Bakke Nydal, Sogn og Fjordanej fylkeskommune

11.45 Lunsj-møte mellom Damaskus og Florø

TILPASSE
12:30 Korleis tilpasse og legge tilrette for eit mangfald av historier?
Evna til å tilpasse seg er essensiell for integrering og inkludering av nye innbyggjarar, både som samfunn og som ny. Identiteten er aldri fast, men endrar seg heile tida. Kva er potensialet for tilpassing i eit samfunn? Korleis legge til rette for at individet og samfunnet kan tilpasse seg?
- Storm - prosess, Ralston &Bau
- Design og arkitektur som inkludering. - Agnes Arques-Roth: Kulturattachè/Assisterande direktør Institut Francais, Oslo - Repr. Oslo Arkitekturtrienale (OAT)
- Møteplass innvandrarmottak – frå mottak til samfunn: Arild Melvær/innvandrarsenteret
Kafèdialog / korleis kan samfunnet tilpasse seg? – leia av Siri Stavang, NHO Sfj

14.00 Pause – med svele og kiefies

TILHØYRE
14:30 Kva er å tilhøyre? Kor høyrer vi til?
Identitet handlar også om å høyre til. Tilhøyre er ei kjensle av kollektiv identitet, delte rituale og felles tenking. Men veit alle kva dette fellesskapet er? Og er det dermed ein føresetnad for eit godt lokalsamfunn?
- Mihail Sora/ Westcon
- Signe Solberg and the Wrestler
- Migrasjon og tilhøyring i samfunnsplanlegginga: Fylkesdirektør Svein ArneSkuggen Hoff, Sogn og Fjordane Fylkeskommune.

Vi summerer opp dagen: Viktige lærdommar frå dagens seminar. Korleis gå vidare med det store integreringsprosjektet: Hjørdis Vik, Innovasjon Norge

VIDAREFØRING: Det blir laga ei seminaravis som blir brukt i vidare plan- og prosjektarbeid.

Publisert

Sist oppdatert

Kategorier

Arrangement

Mer fra aktuelt

Gå til Aktuelt