64 kunstverk teken ut i 2. juryering!
Etter tre intense juryeringsdagar er 64 verk frå 46 kunstnarar teken ut til Årsutstillingen 2020. Juryen er svært nøgd med breidda i årets verksutvalg, noko som lovar godt til Årsutstillingen opnar på Nordnorsk Kunstmuseum i Tromsø, den 17. oktober.
I likskap med gyllent lauv på trea er 2. juryering til Årsutstillingen blitt eit sikkert teikn på at hausten er her. Etter nokre intense dagar har juryen valgt ut 64 verk fra 46 kunstnarar i eit aldersspenn mellom 27 - 75 år.
Ønska seg breidde
– Verka har eit stort spenn i både teknikk og materiale. Høgt profilerte kunstnarar fatter stadig interesse for utstillinga, og me har fått ei fin fordeling mellom nestorar og debutantar, fortel juryen. Sidan detta ikkje er noko juryen vektlegger under juryeringsarbeidet, fortel variasjonen oss desto meir om engasjementet og mangfoldet i feltet.
Juryen for Årsutstillingen 2020 består av f.v.: Lillian Tørlen (keramikk), Lise Dahl (Nordnorsk Kunstmuseum), Toril Bonsaksen (juryleiar, metall) og Aslaug M. Juliussen (tekstil) Foto: Kjetil Rydland Antatte kunstnarar:Blant deltakarane i utstillinga finner me både nyutdanna og godt etablerte kunstnarar innan kunsthåndverksfeltet. Medan fleire av kunstnarane har deltatt på Årsutstillingen tidlegare, finner me heile 12 debutantar. Dei antatte kunstnarane er:Andrea Scholze (f. 1988)Anne Léger (f. 1966)Anne-Gry Løland (f. 1972)Aron Irving Li* (f. 1989)Aud Bækkelund (f. 1960)Beth Wyller (f. 1947)Bjarne Nielsen (f. 1945)Daniela Bergschneider* (f. 1986)Elin Melberg (f. 1976)Ellen Grieg (f. 1948)Eyvind Solli Andreassen (f. 1986)Gerd Brox simonsen (f. 1957)Hanne Haukom* (f. 1967)Helen Hausland (f. 1974)Hilde Dramstad (f. 1965)Ina Kristine Hove (f. 1963)Ingrunn O. Myrland (f. 1976)Jim Darbu (f. 1981)Karen Klim (f. 1951) Kari Mølstad (f. 1977)Karin Forslund* (f. 1984)Kjell Gunnar Overøye* (f. 1964)Kristine Fornes (f. 1971)Lillian Eliassen (f. 1961)Linda Morell* (f. 1993)Linda Jansson Lothe (f. 1963)Lissette Escobar (f. 1982)Marianne Broch* (f. 1957)Marsil Andjelov Al-Mahamid* (f. 1983)Mette Paalgaard* (f. 1983)Moa Håkonsson (f. 1987)Nina Malterud (f. 1951)Olaf Tønnesland Hodne (f. 1990)Philipp Spillmann (f. 1977)Pia Antonsen Rognes (f. 1986)Rina Charlott Lindgren* (f. 1983)Ruta Pakarklyte (f. 1975)Sara Inga Utsi Bongo* (f. 1984)Sarah Vajira Lindström (f. 1981)Sidsel Hanum (f. 1955)Sigurd Bronger (f. 1957)Sofia Karyofilis (f. 1978)Solveig Alberg (f. 1955)Tovelise Røkke-Olsen (f. 1959)Trond Ansten* (f. 1984)Tuva Gonsholt (f. 1976)* Debutant i Årsutstillingen Mykje klimatematikk å sjå
Klima er ein tematikk som gjer seg gjeldende hos mange av årets kunstnarar, gjennom bruk av materialer som for eksempel havsøppel og torskerestar. Nokon går til jorda for å henta materialer, til det organiske, til kjerner og røtter. – Det er mykje alvor i desse verka. Men bak alvoret er også humoren tydelig til stede. Me har lenge sett eit inntog av eksperimentelle materialer i kunsthåndverket, fortel juryen. Detta gjelder enda, men juryen bemerkar at det ofte ikkje handlar om å forlata tradisjonen. Tvert imot tas kulturhistorie, taus kunnskap og gamle teknikkar med vidare inn i ein ny setting der dei blir løfta fram gjennom nye uttrykk. Om Årsutstillingen:
Norske Kunsthåndverkeres Årsutstilling er den største årlige mønstringa av norsk samtidskunsthåndverk. Årsutstillingen blei første gang vist i 1975. Den har open innsendingsrett og blir juryert av NKs nasjonale jury, med mål om å ta pulsen på dagens materialbaserte kunst. Årets utgåve er den 43. i rekka og vises frå 17. oktober til 14. mars på Nordnorsk Kunstmuseum i Tromsø. Utstillinga blir produsert av Norske Kunsthåndverkere (NK) og blir i år arrangert i samarbeid med Nordnorsk Kunstmuseum. NKs nasjonale jury består av kunsthåndverkarar utnevnt av NKs landsmøte. Juryen kan be ein representant for visningsstaden inn i juryen. Juryen for årets utstilling består av Toril Bonsaksen (juryleiar, metall), Lillian Tørlen (keramikk), Aslaug M. Juliussen (tekstil) og Lise Dahl (visningsstadens representant).
Det vil stillast ut 64 verk frå 46 kunstnarar.
To prisar deles ut på utstillingens opningsdag. Desse prisane er:
- Finn Erik Alsos´ minnepris (100 000 kr): Prisen blei første gang utdelt i 2018, og er eit resultat av keramikaren Finn Erik Alsos´ testamenterte gåve til NK etter hans bortgang i 2015. Prisen går til kunstnaren bak eit verk i Årsutstillingen som markerar ein særleg nyskapande og kvalitetsmessig sterk utvikling i eige kunstnarskap eller i fagfeltet for øvrig.
- NKs debutantpris (50 000 kr): Går til ein kunstnar som ikkje tidlegare har deltatt i årsutstillingen, for det debutantverket juryen meinar står sterkast med hensyn til kunstnerisk kvalitet og samtidsrelevans.
Norske Kunsthåndverkere (NK) er ein nasjonal kompetanseorganisasjon for profesjonelle kunsthåndverkarar. NK arbeidar for å styrka kunsthåndverkarars virke og synleggjere samtidskunsthåndverk nasjonalt og internasjonalt. Organisasjonen har om lag 900 medlemmer og er inndelt i sju regionar. NK produserar Årsutstillingen og andre formidlingsprosjekt, utgir tidsskriftet Kunsthåndverk, innstiller til statlege stipendordningar og driver politisk påvirkningsarbeid. NK mottek statleg driftstilskudd for formidling og stipendforvaltning. NK eig tre aksjeselskap: Norwegian Crafts og galleria Format (Oslo) og KRAFT (Bergen).
Publisert
Sist oppdatert
Kategorier
Nyheter