RISP (BARMEN & BREKKE)

2023

I skulpturserien Risp vert rytmiske, repeterande former undersøkt i møte med trestruktur, overflate og taktilitet. Skulpturane tek utgangspunkt i eit eldre treskeverktøy som ein nytta først og fremst på Vestlandet for å rispe og skrape laus korn frå strået i prosessering av korn. Det enkle verktøyet som har mange lokale navn, mellom anna rispe, har skulpturelle eigenskapar som er blitt transformert til eit anna format og kontekst.

Risp #1. Furu og steingods. 2023

Risp #1. Furu og steingods. 2023.

Risp #1. Furu og steingods. 2023.

Risp #2. Bøk og steingods. 2023.

Risp #2. Bøk og steingods. 2023.

Risp #2. Bøk og steingods. 2023.

Risp #3. Alm og steingods. 2023.

Risp #3. Alm og steingods. 2023.

Risp #4. Bøk og steingods. 2023.

Risp #5. Ask og terracotta. 2023.

Risp #5. Ask og terracotta. 2023.

Risp #6. Alm og terracotta. 2023.

Risp #6. Alm og terracotta. 2023.

Risp #7. Ask og terracotta. 2023.

Risp #7. Ask og terracotta. 2023.

Risp #8. Furu og terracotta. 2023.

Risp #8. Furu og terracotta. 2023.

Risp #8. Furu og terracotta. 2023.

Risp #9. Eik og steingods. 2023.

Risp #9. Eik og steingods. 2023.

FARSARV

2019

Prosjektet Farsarv starta opp i 2013, og tek utgangspunkt i ei arv etter hennar far og hans far. Bestefar hennar utdanna seg til kunstsmed ved Voss Kunst- og handverksskule på 30-talet, og virka som dette i tida før andre verdskrig. Farsarva består av 13 hamrar med ulike profilar samt anna verktøy Bestefar produserte til framstilling av metallarbeid, diverse sjablongar i metall for beslag, nokre frie skisser til små skulpturar og ei mengd ferdige og uferdige skåler produsert for turistmarknaden. Ved sida av dette finns det ei bok med sirlege notater og teikningar frå ‘Fyrelesningar’, skisser, arbeidsteikningar og konstruksjonsteikningar. Ho bruker dette arva materialet, kopierer og transformerer det til nye skulpturelle uttrykk og installasjonar.

ORDNAMENTI. UTSTILLING VED STORD KUNSTLAG 2019.

ORDNAMENTI. UTSTILLING VED STORD KUNSTLAG 2019.

HAMMAR. UTSTILLING VED STORD KUNSTLAG 2019.

HAMMAR. UTSTILLING VED STORD KUNSTLAG 2019.

BARMEN & BREKKE

2015

Samarbeidet Barmen & Brekke tok til i 2015, og er tufta på ei felles interesse for handverk, material og tradisjonelle teknikkar. Barmen & Brekke kombinerer materiala keramikk og tre og lagar gjenstander i skjæringspunktet design og kunsthandverk. Arbeida deira har fleire gonger vore vist under Milan Design Week samt ved ei rekke norske utstillingar, og vert selt på museumsbutikkar i inn- og utland som KODE, kunstmuseene i Bergen, Nasjonalmuseets butikk i Nasjonalgalleriet, og Metropolitan Museum of Art i New York. Serien Make, blei nominert til Bo Bedres designpris i kategorien kunsthåndverk i 2017.

www.barmenbrekke.no, @barmenbrekke. Foto Barmen & Brekke, Siren Lauvdal og Bjørn Johan Stenersen.

KVAST. VASE I PORSELEN OG KRYSSFINER.

LOGE. LYSESTAKE I PORSELEN OG KRYSSFINER.

KVAST OG LOGE. VASE OG LYSESTAKE I PORSELEN OG KRYSSFINER.

EINS. BEHALDARAR I GLASERT STEINGODS OG ULIKE TRESLAG.

EINS. BEHALDARAR I GLASERT STEINGODS OG KRYSSFINER.

EMNE. BEHALDAR I PORSELEN OG SELJE.

EMNE. BEHALDARAR I PORSELEN OG 16 ULIKE TRESLAG.

KVEIK. LYSESTAKER I 5 ULIKE TRESLAG OG LEIRETYPAR.

MAKE OG KVEIK

EINS OG MAKE

MAKE.

STETT. SKÅL I GLASERT STEINGODS MED TRESTETT.

SVALE. SKÅLER I GLASERT STEINGODS OG BØK.

SVALE. SKÅLER I GLASERT STEINGODS OG BØK.

MATERIAL INSIDER INFORMATION

2012

MATERIAL INFORMATION/ KUNSTMUSEENE I BERGEN/ 28.9.12 - 27.1.13
‘Material Insider Information’ var prosjektittel for alt arbeid som fann stad under Brekke sitt gjesteopphold ved Permanenten/Kunstmuseeene i Bergen (KODE). Hennar verksemd som kunstnar og delar av verkstaden hennar blei flytta til Blå sal i tidsrommet utstillinga føregjekk. Her gjorde ho seg nytte av museets ressursar og samlingar, knytta dette opp mot eigen praksis som samtidig kunsthandverker/keramiker, samstundes som ho formidla dette til publikum. Foto Siri Brekke og Dag Fosse. Arbeidet er dokumentert på sida: http://materialinsiderinformation.tumblr.com/

TABLEWARE STORIES

2008

Keramisk readymade i form av gamalt porselen og fajanse som utgangspunkt for transformasjon og reproduksjon. Historiane ein gjenstand ber med seg kan koplast til aktuelle samfunnsproblem, og ho ynskjer å setje objekta i ein større historisk og politisk samanheng for å skape ny forståing rundt dei. Gjennom analyse av tingas kulturhistoriske, materielle og estetiske sider knytter ho dei opp til ein bodskap basert på samtida, og let dei slik inngå i ein diskusjon om aktuelle problemstillingar i verda me lev i. Ved gjenbruk av gjenstander, tekst og ytringar skapar ho verk der fortid og notid møtest, og skiljet mellom høg- og lågkultur vert oppheva. Tekstane ho bruker i arbeida Tableware Stories og The Jump har ho henta frå diskusjonsfora på internett. Plakatane i demonstrasjonstoget Conversation Piece har fått sitat frå kjente figurer i historien, blant anna frå Mahatma Ghandi, Mor Theresa og Henry David Thoreau.

EIT SLAGS PARADIS

2007

Utstillinga 'Eit slags paradis' ved Kunstnerforbundet 2007 viste fat for frukt, fontener, blomstrande greiner med meir. Arbeidet har eit element av leik i seg, mange med utgangspunkt i avstøyping av former som barn leiker med i sandkassen. Desse vert nytta i nye samanstillingar.
Utgangspunkt for val av motiv er interessa for sanselege opplevingar knytt til årstider og syklusar i livet; sommar, haust, vinter og vår. Smak, lukt og taktilitet; prosessen frå bløming til frukt, og vidare assosiasjonar.