

Silje Solvi
Tekstil
E-post
siljesolvi@hotmail.com
Telefon
97632454
Nettside
www.siljesolvi.no
Sted
Jondal
Sosiale medier
Eg arbeider hovudsakleg med den tekstile teknikken tufting. Hagen min, naturen rundt meg, med fuglar og planter, inspirerer meg, samt ornamentikk og fargenyansar eg kan finne i tapet, tekstilar og porselen. Det å bu i Hardanger, så tett på naturen, med fjorden, dei ulike årstidene og det alltid skiftande lyset påverkar meg og arbeidet mitt. Nokre av verka mine går i dialog med gamle møbler eller gjenstandar eg har samla over tid. Gjenstandane bærer på ei historie og gir noko tilbake i møtet med det tekstile arbeidet. Eg har alltid samla og eg har minner frå mormors hus som var fylt av saker frå kjellar til loft, der eg kunne gå på skattejakt. Det var oldemors kjolar, porselen og ulike saker morfar hadde kjøpt på auksjon. Eg synst det er spennande å sjå kva som oppstår når eg kombinerer tuftinga med desse gjenstandane, til dømes mønsteret frå eit tapet, ei gamal gardintrapp og møbelfrynser. Det er noko som ikkje passar eller høyrer heilt saman, det kan skape undring, minner eller nye historier. Det er noko magisk og fint med alle sakene ein samlar og tek vare på, det er vanskeleg å gje slepp på eller kvitta seg med dei. Kanskje er det fordi ein prøver å halde fast ved noko som har vert, eller for å hjelpe oss til å hugse på fine historier som har blitt fortalt. For meg er gjenstandane ei viktig drivkraft som kan vera med på å skape nye tankar og idear.
2024
Minnesaker #1
Syskrin, tufta tekstil, frynser
2024
Minnesaker #2
Gardintrapp, tufta tekstil, frynser
2023
Fridas papegøye
Tufta tekstil 110 cm x 110 cm
2022
Green tea with the woodpecker
Tufta tekstil 2022-2023
2021
Bits of June
Tufta tekstil
2021
Eit eige rom
Tufta tekstil Ullgarn, linduk montert på stålramme 120 cm x 87 cm
2019
Mille fleur
Akryl og broderi på seglduk i broderirammer Ø 30 cm x 6 stk