ikkje

2022

September - oktober 2022

Sandefjord Kunstforening, Sandefjord, Norway

Til Sandefjord Kunstforening kjem Bang Larsen igjen med eit heilt nytt prosjekt. Forseggjort handarbeid koplast saman med utolmodige kulisser og finurleg teknikk, i ein søken etter noko som forløyser den sterke kjensla av at det er noko usagt som må seiast. I utstillingsrommet sauser ho saman kvardagsliv med snurrete fantasiar, og gjev rom til noko av det som kan dukke opp eit ope sinn. Til montering av utstillinga tek ho med seg det som har tatt form i atelieret for å arbeide det inn i utstillingsrommet. Bang Larsen ønsker å aktivisera heile rommet, få tilskodarane til å bevega seg rundt på oppdagingsferd i installasjonen. Ved fyrste blikk kan utstillingane hennar sjå uskuldige og barnlige ut, men det tek ikkje lang tid før ein oppdagar det urovekkande og absurde som alltid er tilstade. Nokre gongar er det veldig tydleg, andre gongar ligg det og ulmar utan at ein heilt klarar å setja fingeren på kva det er. Ofte balanserar dei mellom motstridande kvalitetar som gjer dei vanskeleg å plassera, vanskeleg å fanga, og på den måten opnas dei opp for tilskodarane si personlege tolking.

Utstillinga vart støtta av Regionale Prosjektmidler for Visuell Kunst, Kunstsentrene i Norge (KIN).

Foto: Øystein Thorvaldsen

Der dagen byrjar, 2022

Me kan ingenting om tid, 2022

Stillstand. 2022

Hjartesong i dei lange netters ruinar, 2022

Skuggedans, 2022

Du er fråvær. Eg er livredd. 2022