Kapsel

2023

Kva må til for at vi skal kjenne oss trygge? Store, opne plassar vi kan late blikket skli over, plassar som gjev oss tid og rom til å kunne flykte ved det minste teikn til fare? Eller små holrom som vi kan krype inn i, late oss omslutte og skjule av til faren går over? Form fylgjer funksjon slik behovet for tryggleik fylgjer menneska. Men både behov og form er lunefulle og tvetydige, i stand til å skifte ham og verte sin eigen motsetnad før ein rekk blunke. 

Kapsel inviterer Martin Woll Godal til eit møte i Hvelvet mellom kropp, rom og form kor det tvetydige får vekse fram. Med utgangspunkt i byggaks, dreier han uthola former i porselen på omlag 40 centimeters lengder. Det keramiske volumet – tomrommet i eit objekt som er det naudsynte luftrommet for å tole påkjenninga ved brenning – speglast av arkitekturen til Hvelvet, meint som beskyttande rom, ein kapsel mot omverda. Korleis planleggje for framtida, danne strukturar som sikrar at vi og dei som kjem etter oss er trygge? Er det monumentale bygg som skal til, som Frøkvelven på Svalbard, sjølv kapsla inn av permafrost og ope hav, langt vekke frå kontinentale krigar og knusktørre, døyande landskap? Å samle, smugle og sanke all verdas kornsortar i håp om ei framtid som byr på nye jordsmonn, ei opa verd å tre ut i. Det er noko innstendig ved ein kvelv. Eit rom som eksisterar kun for å halde på andre ting, bevare og beskytte det som til eikvar tid har mest verdi i eit samfunn. Med kva material bygger ein for æva? Kva material er det motsette av skjørt, av sårbart og fragilt, av tynne hinner av porselen, klare til å sprekke og knuse ved den minste vibrasjon?

Å repetere er å anerkjenne, å ville noko inn i verda. Forankre det og halde fast ved det, insistere på at det har ein verdi og ei meining i verda. Det seiest at å repetere noko om att og om att og forvente eit nytt resultat er definisjonen på galskap. Men galskap er flyktig, bunde i tid og i sinn, medan repetisjon held fram med å repetere seg sjølv, verte ei rytme som strekkjer seg gjennom tid og rom, lik kvelv som hyser gull eller grisar eller korn eller porselen, alt etter utviklinga av menneskas idé om kva ordet verdi betyr. Kan hende ein riktigare definisjon av galskap er å late trua på tryggleik stivne, kapslast inn i tankar om at samsvaret mellom behov og material kan vare evig. At produksjon og handel over landegrenser er stabile, uaffiserte av potensial for kontinentale krigar. At permafrosten for evig vil ligge som eit kaldt teppe over landskap, aldri tine eller smelte om til vatn piplande gjennom monumentale bygg som hyser all verdas håp om mat til framtidas menneske. Kva er sikrare enn ein kvelv? Ei tung dør vert lukka og let menneskas verdi skalkast inne i vern mot ei ytre, lunefull verd. Ei tung dør vert lukka, og kanskje stenger ho med det verdiens potensial inne, og let den ytre, tvetydige verdas rytme kjempe åleine for seg sjølv.

Tekst: KRAFT/Sara Kollstrøm Heilevang

Nedsmelting

2022

Prosjektet «Nedsmelting» har sitt utspring i et lite museum i tilknytning til visningsrommet til Søgne kunstlag på Søgne Gamle Prestegård. Museet forteller historien om Fruen Fra Havet, Sol, en av de første dokumenterte bosetterne i Norge ca 1700 år før Kristus. Global oppvarming, tilbaketrekking av havis og et mer gjestmildt klima her i nord gjorde det mulig for mennesker å befolke Norge. Global oppvarming ga nytt land og nytt liv. Kontrastene kunne ikke vært større til hvordan vi ser konturene av menneskeskapte klimaendringene i dag, og hvilke fatale konsekvenser som kan komme. Begrepet nedsmelting kan også hinte til andre kriser, frykten for nedsmelting i atomreaktorer er igjen relevant, og hvem er ikke redd for en mental meltdown?

The Mould

2022

Verket baserer seg på ulike brukte og utslitte gipsformer fra Gustavsberg porselensfabrikk. Gjennom avstøping av gipsformene er det produsert replikaer av disse i fabrikkens egen benporselen. Slitasjemerkene og sporene etter den gamle semimanuelle industriproduksjonen i de opprinnelige formene blir foreviget i porselensreplikaene.

Struktur

2020

Moduler av ekstrudert, og modellert leirgods. 

Klokker

2020

støpte og glaserte lysbærende objekter i porselen.  

Kvitt flak

2019

 Porselen.

Svart flak

2019

Gjennomfarget porselen

Trinn

2018

Installasjon, dreid steingods, stedspesifikt arbeid tilpasset til- og i dialog med arkitekturen på Uppsala Konstmuseum. Innkjøpt av museet.

"frameworks"

2018

Installasjon av Norske og Russiske aviser. Installasjonen ble utviklet og produsert i Arkangelsk, og senere utvidet i Norge.

konstruksjoner

2016

Installasjon, ekstrudert porselen. Samarbeid med Mirjam Raen Thomassen

2015

Dreid, terracotta. Installasjon. fotograf Aliona Pazdniakova

Hundreogtrettito

2016

Offentlig oppdrag, Minde Skole Bergen

"Reis"

2014

Porselen, ekstrudert på Norsk Teknisk Porselen i Fredrikstad. Verket er mitt bidrag til prosjektet "Transformator" 2012-2015

Åpen vegg

2012

Støpte moduler i porselen

sensomotorical

2007

Avgangsarbeidet etter masterstudiet ved kunst-og degsignhøgskolen i Bergen. Ekstruderte og modellerte moduler i steingods