Creators signature
-frå ein i familien, naboen og innvandraren. Den sjuke, den fraskilte og den fattige. Den utstøtte, presten og fotografen. Fiolinisten, songaren og statsråden.
Creators signature er inspirert ut frå ei forteljing i verdslitteraturen. Frå bibelens skapelses-forteljing, og særleg då menneske vart skapt (1. Mosebok, 1). Eg har sett for meg at der er ein slags signatur å finne på kvart einaste menneske.
På fingertuppane våre har vi fine mønstrar, linjer som løfter seg litt opp i hudoverflata.
Alle har vi kvart vårt eige og unike mønster, som ein del av vår identitet. Eg har funne ein representant frå kvar av gruppene som undertittelen listar opp, og teke autentiske avtrykk. Dei har gitt meg tillatelse til å bruke materialet i mitt kunstneriske arbeid.
Fingeravtrykka er avfotograferte og forstørra, og eit utsnitt frå kvar av dei overførte til andre materialer. Først til tekstil, så i leire. Prosessen har pågått over tid. I det tekstile arbeidet har eg først bygd opp eit ”skjellet” i ull, slik at det ferdige broderiet i gull framstår i relieff på dette lyse stoffet i silke-og linkvalitet. Alt er gjort heilt for hand.
Eg har arbeidd vidare med same tematikk i leire. Her med eit mindre utsnitt av finger-avtrykket. I det tekstile arbeidet er mønsteret bygd opp om lag slik som vi finn det på fingertuppane. På leira har eg gjort det omvendt. Mønsteret er pressa ned i den mjuke leira, slik at det gir motsatt effekt av tekstilarbeidet. Tolv ulike plater som blir sette saman til eit verk.
Fingeravtrykka er ikkje berre våre identitetsmerke, men blir også merkte av våre livsforteljingar. Alle desse har i seg merke etter livet, linjer som bryt litt på tvers av mønsteret eller arr etter sårskader. Dei fleste har likevel mønsteret sitt rimeleg intakt. Mønsteret sit djupt i oss, prøver ein t.d å slipe det bort, kjem det tilbake! Nokre få, og særleg eit av desse har likevel fått så store skader at mønsteret er i ferd med å løyse seg opp.