Eg er inspirert av samspelet i naturen, av menneskelege relasjonar, av historie og det som er att etter dei som blir borte.
Eg omformar mine inntrykk til ei forteljing uttrykt gjennom leire, ei forteljing som vekslar mellom det som var, det som er og det som blir.
Gjennom minner og opplevingar byggjer eg nye historiar, strekkjer ei linje frå fortid til nåtid.
Det som var og det som er
2016
UTSTILLING SKUR 2, Stavanger.
Eg er inspirert av det som lever vidare etter dei som ikkje lenger finst, og kva form det får. Er oppteken av tida som er forbi i eige liv, og kva me hugsar.
Kjolar vert dekka med porselen, kjolen brenn bort, bare hylsteret er att. Dei mjuke tekstile foldene vert omdanna, framkalla i eit nytt materiale. Kjolen forsvinn, samstundes vert den foreviga.
Her er relieff med avtrykk av ulike tekstilar, ein ser bare spor av noko som var.
Slik kan ein "sjå" personar som har brukt desse tinga, sjå form, kjenna lukt, høyra lyd.
Foto:Tore Wiig
Sandnes kunstforening
2015
Utstillinga i Sandnes kunstforening har fått tittelen Stemmen.
Her er blant anna reir og krusedullar laga av leire, ein nattkjole og eit minne om ein hatt.
Det handlar om byrjing og slutt, om å høyra til, om tida og minna.
Det handlar om mors stemme i meg, om min stemme i mine arbeid.
I tilknyting til utstillinga laga Synneva Erland komposisjonen "Den uanselige jubel"
Medverkande: Synneva Erland,
Grethe Kristine Aanestad (post mortem),
Alauda Arvensis (lerka)
Foto: Tore T.Wiig
Bryne kunstforening
2013
Utstillinga fekk tittelen Interaksjon. Ei hending byggjer på den føregåande, eit nytt utrykk oppstår.
Frå naturen og mi samling av brev henta eg inspirasjon til denne utstillinga.
Foto: Tore T.Wiig
Bryne kunstforening
2009
Utstillinga fekk tittelen Kjelde, kjelde som vatn men og som bakgrunn for inspirasjon.
Gamle strikkemønster vart forenkla og omdanna til mine keramiske former.
Kunstverkene på dette nettstedet er opphavsrettslig beskyttet og er gjengitt med samtykke fra kunstneren / BONO. Bruk av kunstverk kan enkelt klareres hos BONO.