Våren 2019 vart eg invitert til å stille ut arbeid saman med Ragnhild Wik, Jannik Abel og Hilde Mork hjå Norway Designs under tittel: NatUrlig.
Ein sterk kjærleik til naturen kjem til uttrykk i våre arbeid, difor tittelen NatUrlig. Hilde og Jannik laga også ein nydeleg film om prosessen fram mot utstillinga. Dette var første gong Norway Designs satte opp ei slik kollektivutstilling, og difor ei ekstra stor ære å få vere med på.
Eg stilte ut: Store nåler i tre, store heklekrokar i tre, oppstadveven, små broderi, stort broderi, vev på jernramme, vevarbeid av neslefeiber, "vepsebol" av handspunne fiberblanding (nesle, ull, tistel) og flortynt strikkearbeid av gammal sytråd.
Utstillinga vart kuratert av Live Berg
Foto av garnnøste og handteine: Jannik Abel / Hilde Mork
Foto frå utstillinga: Live Berg