Utstilling - BØTE, Ullinsvin / Vågå

2023

Foto og tekst kjem

Utstilling - Tri frå Erfjord Sommarutstillinga / Suldal kulturhus

2023

Foto og tekst kjem

Omtale - Sentimental Journal Amsterdam

2022

Foto og tekst kjem

Utstilling- Craft your Identity, Oslo Design Fair

2020

Utstillinga "Craft your Indentity" vart kuratert av kunsthåndverkar Mona Næss og Slow Design Studio. Dei var også intiativtakarar bak dette prosjektet. Utstillinga vart støtta av Norske Kunsthåndverkere. "Målet med Craft your Identity er økt facinasjon, respekt og kunnskap for håndlagde unikaobjekter," skriv Kristin Klette på nettsidene til NK. Eg vart invitert til å delta med handlaga tekstile verktøy, og bidrog med store strikkepinnar og store nåler i tre. På bildet er også kunstverk av Andrea Muribø og keramikk av Mona Næss.

Foto: Kristin Klette, Norske Kunsthåndverkere

Utstilling - NatUrlig, Norway Designs i Oslo

2019

Våren 2019 vart eg invitert til å stille ut arbeid saman med Ragnhild Wik, Jannik Abel og Hilde Mork hjå Norway Designs under tittel: NatUrlig.

Ein sterk kjærleik til naturen kjem til uttrykk i våre arbeid, difor tittelen NatUrlig. Hilde og Jannik laga også ein nydeleg film om prosessen fram mot utstillinga. Dette var første gong Norway Designs satte opp ei slik kollektivutstilling, og difor ei ekstra stor ære å få vere med på. 

Eg stilte ut: Store nåler i tre, store heklekrokar i tre, oppstadveven, små broderi, stort broderi, vev på jernramme, vevarbeid av neslefeiber, "vepsebol" av handspunne fiberblanding (nesle, ull, tistel) og flortynt strikkearbeid av gammal sytråd.

Utstillinga vart kuratert av Live Berg

Foto av garnnøste og handteine: Jannik Abel / Hilde Mork

Foto frå utstillinga: Live Berg

Utstilling og kurs - Cathrine Hammel, Oslo

2019

Hausten 2019 vart eg invitert til å ha kurs om reparasjon med enkle sting for kundane til Cathrine Hammel i butikken hennar på Frogner i Oslo. Samtidig vart to av mine arbeid stilt ut i dette nydelege lokalet: Flortynt strikkearbeid laga av gammal skreddarsytråd og vevarbeid på jernramme av fairtrade produsert bananfiber frå Nepal. 

Utstilling - Down to Earth Festival, Lavetthuset i Oslo.

2019

Utstilling i Lavetthuset på Hovedøya av tekstilkunstnar Anne Karin Jortveit og Slow Design Studio. Festivalen satte fokus på miljø, natur, handverk og bærekraft. Eg vart invitert inn til å stille ut saman med aktørar som på ulike måtar har dette til felles. Mine bidrag var: Påminnarar (skulptur/rusten spiker) og 3 seriar i tre: Heklenåler små, heklenåler store og synåler store. Utstillinga besto av arbeid frå: Anne Karin Jortveit, Slow Design Studio, Ni En More/Lise Bjørne Linnert, Wik Oslo/Ragnhild Wik, Mona Næss, Stellaria, Britanord, Gis Face Oil, God Lin, Færder Får, Trevirkaren, Lauritz Wik Øie, Lofoten Wool/Ragnhild Lie og Heidi Bjørnsdotter Thorvik. Foto: Slow Design Studio

Omtale - The Selvedge, UK

2019

I am honored to be featured in the fabulous textile art magazine Selvedge. The text about my work and philosophy is written by Deborah Beau.

Photographs by Joanna Maclennan. 

Utstilling - Studio Each / Bergen og Sannselig Omstart, Oslo Designfair

2019

Desse trearbeida laga eg i utgangspunktet som ei gåve til min mann sin 50 årsdag: Skeier og sushibestikk av eik frå skogen heime på Vestlandet. Via min instagramkonto vakte dette interesse av ingen ringare enn Per Olav Sølvberg. Mine trearbeid vart difor ein del av Studio Each i Bergen og kollektivutstillinga "Sannselig Omstart" under Oslo Design Fair hausten 2019. Utstillinga under Oslo Design Fair var vakkert kuratert av dei dyktige stylistane Per Olav Sølvberg og svenske Tina Hellberg. 

Foto 1-3: Per Olav Sølvberg

Bokbidrag - Made of Wood, Mark and Sally Bailey / Photographs by Debi Treloar

2018

I am featured in the beautiful book made by Mark and Sally Bailey. Under the title "Supernatural" you`ll find both interior, collected materials and work from my home and Studio. 

 

Images from Made of Wood by Mark and Sally Bailey

Photographs by Debi Treloar

 

Photography Copyright Ryland Peters & Small Ltd. Reprinted with permission of the publisher. All rights reserved.

 

 

Utstilling - KVILE / SPOR, Galleri Dalype - Oslo

2018

Utstillinga ARV frå Håndverk+ i tospann med keramikar og billedkunstnar Maria Øverbye vandra vidare til Galleri Dalype i Oslo. Med større utstillingsrom hadde me moglegheit til å ta med fleire arbeid. Difor vart også tittelen på utstillinga annleis. Mine verk viser ikkje berre til handverksarven etter kvinner som gjekk før oss, men også kor mykje SPOR etter kvinner i min famile heilt konkret har forma min veg. Maria valgte å fokusere på KVILE i sine arbeid. Her er teksten eg laga om mine verk: "Mor lærte meg å strikke, og ho lærte meg å vere nøysam. Når eg ikkje har ein spesiell plan med strikkearbeidet gjer eg som mor. Ho brukar alltid opp restegarnet slik hennar mor også gjorde, og tryllar fram klutar, puter, tepper, sokkar, luer og skjerf. Ei handstrikka kjøkkenfille fortel meg om gamle verdiar eg gjerne vil vere med å hente fram. Mormor lærte meg å brodere og hekle. Farmor lærte meg å leite etter gamle skattar som kunne bli til noko fint. Ho kunne kunsten «å koke suppe på spiker. Ho var også ein dyktig handverkar og inspirerte med spinne, veve og sykunstene sine. Når kvelden kom og det var stilt i huset, sat farmor med ein haug utslitne ulltekstil. Ho sydde lubbar (utesko for kalde vinterdagar) til mann og born. Lag på lag, sting på sting. Kan hende må me tilbake i gamle spor for å finne vegen fram?" Foto: May B Langhelle

Utstilling - ARV, Håndverk+ / Vågå

2018

Under Håndverk+ viste eg arbeid saman med keramikar og billedkunstnar Maria Øverbye. Med eit ønske om å sette fokus på gamle handverk utført av kvinner fekk utstillinga namnet ARV. Her er min tekst om mine arbeid: «Mine bidrag i utstillinga er ein hyllest til handverk kvinner har utført gjennom tidene. Gamle tekstile handverk har ikkje alltid hatt like stor verdi, sjølv om dei var livsviktige for at familiar skulle klare seg. Det var tidkrevande arbeid, kunnskap om material, godt handlag og utnytting av ressurser ned til kvar minste bit. Dette står i grell kontrast til masseproduserte varer av dårleg kvalitet, og til bruk og kast mentaliteten i vår tid. Kan hende må me tilbake for å finne vegen fram?» handverkpluss.no

Bokbidrag - The Foraged Home, Joanna Maclennan / Oliver Maclennan.

2018

I am happy to be a part of this wonderful book made by Joanna Maclennan and her brother Oliver Maclennan. In the book I am featured under the title "Forest foraging." The second time Joanna came to Norway we went to my parents place in the woods were I grew up. The result of this trip is the pages from my childhood paradise, my forest foraging back home and my Fathers work called "Woodsmans Hut."

And the best of all: A very good friendship came out of it.

 

 

Photographs by Joanna Maclennan

Text by Oliver Maclennan 

Thames & Hudson