FLOKK marked - Visp 2022

2022

Visp arrangerte FLOKK marked før jul i 2022. Søknadsbasert deltaking med inntil to verk, der prisen på enkeltverk var maks kr. 3000. Mitt verk "Krukke med opne armar" vart seld. Ca. 42 cm høg og ca. 35 cm brei på det breiaste.

TRIALOG

2022

TRIALOG er eit verk til offentleg rom på oppdrag frå Alver kommune. Verket er eit samarbeid med Silje Bergsvik, og er å finne utanfor BUA på Frekhaug i Alver kommune. Verket er bygs opp at trekant-former, og tittelen er både knytta til det formmessige uttrykket og til det å gje plass til meir enn to stemmer. TRIALOG er ein skulptur det skal vere mogeleg å opphalde seg i, på og rundt. Storleik ca. 300 x 300 x 300 cm.

Ved BUA fins ein lovleg vegg til grafitti, og vi ser gjerne at ungdomane også brukar spraymalinga på og rundt TRIALOG.

Monotoni

2018

Gruppeutstilling i Galleri Salhus på Norsk Trikotasjemuseum, saman med Silje Bergsvik og Rebecca Teigland.

Gjennom repetitivt og monotont arbeid freista eg å "vere" ein fabrikk. Sidan hender gjerne ikkje arbeider like presist som maskinar/industri, kalla eg resultatet "2.sortering". Ca. 90 x 300 x 5 cm.

Detaljbilete av verket "2.sortering".

Tittelverk til utstillinga "Monotoni". 375 fliser á 5 x 5 cm, montert slik at ordet monotoni står fram. Stadspesifikt verk til gamle Salhus Tricotagefabrik, der Galleri Salhus held til. Storleik: 435 x 95 cm.

SPOR....

2017

Separatutstillinga SPOR.... hjå Stord Kunstlag i Kunsthallen/ Stord Kulturhus.

Ca. 500 fliser á 5 x 5 cm, hengt opp slik at ordet SPOR.... kjem fram på veggen.

Flis, 5 x 5 cm, detalj av det større veggarbeidet SPOR.... som består av ca. 500 slike fliser.

Artist in residence at C.r.e.t.a.Rome spring 2016.

2016

Frå utstillinga "Traces", som avslutta mitt 5 veker lange kunstnaropphald ved C:r.e.t.a.Rome i Roma, Italia.

2015

2015

2014

2014

Performance-prosjektet "hal maR" saman med dansar/koreograf Magdalena From Delis og songar/komponist Maria Malmsten.
( Video-trailer: https://www.youtube.com/watch?v=pMVv3BBvBAw )