Hopp til hovedinnhold

Karoline Emmerhoff

Keramikk / Leire, Tekstil

E-post

karolineemmerhoff@gmail.com

Telefon

+47 90858822

Nettside

Sted

Haugesund

Sosiale medier

Last ned CV

Eg har alltid likt å lage ting med hendene mine, og arbeider mest i keramikk og tekstil.  Å arbeide fram ei form eller ein komposisjon er ein måte å meddele meg på. Ålmenne og eksistensielle tema ligg ofte til grunn for mitt skapande arbeid. Kva det er å vere menneske - og kva som rører seg i oss under overflata. Mi siste separatutstilling "denne freden" var i samband med 1000-års jubileet for Kristenretten i Norge under feiringa på Moster sommaren 2024. Eg har fleire gonger teke initiativ til tverrfaglege prosjekt, som t.d. "Krukkesong", ei konsert-førestelling som starta i 2017, og "Sinus i minus" som hadde turne i 2021/2022.

2024

denne freden

Utstillinga "denne freden" vart laga til 1000-års jubileet for Kristenretten i Norge og vist under hovudmarkeringa på Moster. Inspirasjonen til utstillinga er denne særskilte freden som er eit av k

2023

Alterduk til Sokndal kirke

Ny alterduk til Sokndal kirke i Rogaland. Eg har henta detaljer i altertavla til utforminga av duken. Kyrkjerommet inviterte til å ta i bruk farge på det kvite stoffet som var innkjøpt til formålet l

2022

Sinus i minus

Hjartet slår og slår sin sinusrytme inne i kroppen - om alt er normalt. Hendingar av ulike slag kan påverke rytmen, slik at han går i stå, og vi får urytme. Det same kan skje med livspulsen i dagane v

2020

Kalk og disk

2019

Creators signature

Creators signature (2012-2019) har sitt utspring frå Bibelens skapelsesforteljing (1. Mosebok, kap. 1). Der les vi at menneske er skapt i Guds bilde – det utsagnet har eg undra meg over i lang tid.  K

2019

Kyrkjetekstiler - stola

Denne fiolette stolaen er for advent og fastetida. Det er fascinerande med sommarfuglar som går gjennom desse forvandlande stadia! Egg, larve og puppe først. Det gjer sommarfuglen til eit spennande sy

2017

Krukkesong-åtte krukker syng sine songar-

Krukka er ei urform for oss menneske. Leire er blitt forma til krukker frå dei tidlegaste tider.  Krukker er litt som oss menneske, med utside og innside. Krukkesong handlar mest om det rommet som er

2009

Stille rom

Frå det Stille rommet på Utstein Pilegrimsgard