Karen Erland
Keramikk / Leire
E-post
erland.karen@gmail.com
Telefon
41575355
Nettside
erlandart.no
Sted
Bryne
Eg er inspirert av samspelet i naturen, av menneskelege relasjonar, av historie og det som er att etter dei som blir borte. Eg omformar mine inntrykk til ei forteljing uttrykt gjennom leire, ei forteljing som vekslar mellom det som var, det som er og det som blir. Gjennom minner og opplevingar byggjer eg nye historiar, strekkjer ei linje frå fortid til nåtid.
2016
Det som var og det som er
UTSTILLING SKUR 2, Stavanger. Eg er inspirert av det som lever vidare etter dei som ikkje lenger finst, og kva form det får. Er oppteken av tida som er forbi i eige liv, og kva me hugsar. Kjolar vert …
2015
Sandnes kunstforening
Utstillinga i Sandnes kunstforening har fått tittelen Stemmen. Her er blant anna reir og krusedullar laga av leire, ein nattkjole og eit minne om ein hatt. Det handlar om byrjing og slutt, om å høyra …
2013
Bryne kunstforening
Utstillinga fekk tittelen Interaksjon. Ei hending byggjer på den føregåande, eit nytt utrykk oppstår. Frå naturen og mi samling av brev henta eg inspirasjon til denne utstillinga. Foto: Tore T.Wiig
2009
Bryne kunstforening
Utstillinga fekk tittelen Kjelde, kjelde som vatn men og som bakgrunn for inspirasjon. Gamle strikkemønster vart forenkla og omdanna til mine keramiske former. Foto: Olav Garborg