Hopp til hovedinnhold

Slik blir Oslo Open 2021

På grunn av pandemien blei Oslo Open dessverre avlyst i 2020. I år er dei endeleg tilbake, med eit litt anleis program enn tidlegare!

To dagar kvart år opnar kunstnarane i Oslo og Bergen verksteda sine for publikum i forbindelse med kunstfestivalane Oslo Open og B-open. Medan B-open i år skal arrangerast 25. og 26. september, vil Oslo Open bli arrangert "som normalt" i slutten av april. Oslo Open har årleg rundt 9000 besøkande og under normale tilstandar opnar rundt 400 av Oslos profesjonelle kunstnarar dørene og inviterer til eit personleg og uformelt møte med publikum. I år vil dette bli gjennomført på ein litt anna måte!

Digitalt atelierbesøk
For å nå ut til så mange som mogleg under pandemien, har Oslo Open i år valgt å satsa på digitalt innhald. Både lørdag 17. april og søndag 18. april vil det bli sendt atelierbesøk direkte på Instagram heile dagen fra kl. 12 – 17.30. Nye verksted vil bli besøkt kvar halvtime. På denne måten kan du få bli med på eit nært og personleg møte med kunstnarane utan å gå ut døra!

Ei anna satsing som er ny i år er ein serie kunstnarportrett i videoformat med tittelen "Atelierbesøk med Oslo Open". 12 kunstnarar har blitt besøkt og stilt spørsmåla; Kva er eit godt atelier og kva betyr det for arbeidet kunstnaren skapar? Og kva er drivkrafta bak dei valga som blir gjort? Serien har premiere lørdag 17. april kl. 11, og vil publisera ny episode kvar lørdag utover våren og sommaren.

Guida ateliervandring for små grupper
Dersom du sit og tenker at du likevel kunne tenka deg å besøka ateliera fysisk i år også, så fortvil ikkje! Dette er framleis ein moglegheit. Det vil bli arrangert guida ateliervandring for små grupper. Turane tar mellom 1,5 og 2,5 time, og foregår i mange ulike delar av byen. Foreløpig er desse turane fullbooka, men følg med på Oslo Opens FB-side for eventuelle restplassar.

Publisert

Sist oppdatert

Kategorier

Nyheter

Mer fra aktuelt

Gå til Aktuelt