Nye studentmedlemmer i NK

Verk av Linda Flø fra avgangsutstillingen til BA-studentane ved KHiO.
Foto
Lise Stang Lund
I slutten av januar 2021 relanserte NK sitt studentmedlemskap og gjorde det gratis for alle kunststudentar. Sidan da har responsen vore stor og NK har hatt ei overveldande auke av studentmedlemmer!

Den 28. januar i år lanserte NK gratis medlemskap for kunststudentar. Dette gjorde me fordi me såg den enorme verdien i å kunna representera og bli betre kjent med morgondagens materialbaserte kunstnarar. For mange studentar er økonomien trang – spesielt i dei store byane der Noregs statlege kunsthøgskular ligger. Vårt siste ynskje er at økonomi skulle vera ei hindring for at studentar søkjer medlemskap hos oss, og derfor var det ekstra gledeleg å kunna gjer medlemskapet gratis for studentar. 

Mange nye medlemmer
Som nevnt har responsen vore enorm, og NK har fått ei solid mengde nye studentmedlemmer dei siste månedane! Me har no 83 studentmedlemmer totalt – ei auke på over 120 % så langt! Dette vil direkte bidra til at NK kan representera kunststudentar og unge kunsthandverkarar i starten av karriera si enda betre. Me trur og håpar at dette på sikt vil styrka norsk kunsthandverk både nasjonalt og internasjonalt. 

Lesestoff til morgenkaffen
Student ved KMD i Bergen, Alice Darby, blei medlem i NK tidlegare i vår. Ho fekk vita om studentmedlemskapet gjennom nokon på KMD som tipsa ho etter å ha høyrt ho fortelja om si eiga praksis og korleis ho undersøker keramikk som fokusområde eller felt. – Eg tykkjer det er veldig fint å kunna få med seg alle søknadane gjennom platformen, samt kunna publisera ein portfolio. Det føles veldig inklusivt og kjekt. Eg får heller aldri nok med stoff å lesa eller kikka på medan eg drikker morgonkaffen. Så det er veldig kjekt å lesa eit blad innimellom. 

Studentmedlemmene har full digital tilgang til tidsskriftet Kunsthåndverk og kan sjølv velga å oppgradera til papirversjon med redusert studentpris dersom dei ynskjer det. NK sender i tillegg låneeksemplar til utvalde institutt ved kunsthøgskulane i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø.