NKs studentpris i Bergen til Katrin Rusten
Norske Kunsthåndverkere ynskjer å gratulera Katrin Rusten som vinnar av studentprisen for 2020. Rusten er valgt ut av vår jury for sin installasjon "Memory Lake is a Source of Conflict (waste composition 3)", under Masterutstillingen ved KODE denne hausten.
Kvart år deler Norske Kunsthåndverkere ut pris til éin deltakar på avgangsutstillingane for masterutdanningane på høvevis kunsthøgskulane i Bergen og Oslo. Studentprisen er innstifta for å synleggjera masterprosjekt som er interessante for kunsthåndverkfeltets identitet og utvikling og er på 25.000 kr. Koronasituasjonen gav store utfordringar for kunsthøgskulane i vår og dei vanlege masterutstillingane blei avlyst, noko som igjen gjorde det vanskeleg for NK å dela ut studentprisene i år. I haust åpna det seg heldigvis ein moglegheit i Bergen gjennom Masterutstillingen for KMD-studentene ved KODE – Kunstmuseer i Bergen.
Juryen for NKs studentpris i Bergen 2020 har bestått av Kristina Aas (styremedlem i Norske Kunsthåndverkere), Kirsti van Hoegee (dagleg leiar ved KRAFT Bergen) og Anne Britt Ylvisåker (førstekonservator ved KODE Kunstmuseer og komponisthjem).
Publisert
Sist oppdatert