Hopp til hovedinnhold

Julemarknadane for deg som likar kunsthåndverk!

Adventstida er rett rundt hjørnet, og alle veit at adventstid betyr julemarknadstid. I denne oversikten har me forsøkt å samla julemarknadane som sel kunsthåndverk rundt omkring i regionane, slik at du ikkje går glipp av kva som skjer der du er!

Er du på leit etter fine julegåver, noko til deg sjølv eller berre litt trivelig førjulsstemning? Då er ein julemarknad staden å gå! Me har forsøkt å samla julemarknadane for dei som er glad i kunsthåndverk, for å gjer det ekstra enkelt for deg å få med deg kva som skjer.

Innlandet

Juleutstillingen 2021 på Oppland Kunstsenter: 20. november–19. desember
Over 70 kunstnarar og kunsthåndverkarar frå heile Innlandet viser hundrevis av verk – og alle er til sals! Salet foregår rett fra vegg. Les meir her.

Juleutsalget 2021 på Glasslåven kunstnersenter: 26. november–12.desember
Juleutsalet er ei mangfaldig oppleving der Glasslåven blir fylt med verk av både profesjonelle kunstnarar og amatørar. Det er stor variasjon i uttrykk, teknikk, storleik og prisnivå. Les meir om utsalet her.

Viken

Julemarked på Blaker Skanse: Lørdag 27. november og søndag 28. november
KunstSkansens kunstnarar sel biletkunst og kunsthåndverk i Pop-Up butikken i Smia. Det vil også vera opne atelierer og verkstadar, der publikum er invitert inn. Les meir her.

Julemarked på Bærums Verk: 27. november–22. desember
Opplev handverk i dei gamle arbeidarboligane og historiar frå jula på Verket 1814. Hest og kjerre, juleverkstad, teater, konsertar, nissetog, luciafeiring, Bondens marked og julemarknad. Les meir om marknaden og sjå fullstendig program her.

Julemarked i Heggedal Fabrikker: Søndag 5. desember, frå kl. 12.00–17.00
Det vil bli sal og presentasjon av måleri, grafikk, teikning, foto, tre, tekstil, keramikk, metall/smykker, samt sal av honning. Les meir.

Nord-Norge

Desemberutstillinger i Bodø: 28. november–19. desember
Bodø kunstforening, Bodøgaard og NOUA ynskjer velkomen til opning av Desemberutstillinger siste helga i november. Utstillingane viser arbeid frå ei rekke lokale og internasjonale kunstnarar med ulike teknikkar, format og prisklassar. Her er det mogleg å finna seg flotte julegåver til både seg sjølv og andre. Les meir her.

Vest-Norge

Bergen Kunstlogens Julemarked 2021: Fredag 10. desember til søndag 12. desember
45 lokale kunstnarar, kunsthåndverkarar og designarar sel kunsten sin på markedet som ligger sentralt ved Bryggen i Bergen. Les meir om marknaden her.

Julemarknad på Sogn og Fjordane Kunstmuseum: Lørdag 11. desember, frå kl. 11.00–16.00
NK Vest-Norge og Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane (BKSF) arrangerar julemarknad hos Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Meir informasjon kjem.

Sør-Norge

Vintermagi i Ibsenhuset: Lørdag 27. november og søndag 28. november
NK Sør-Norge og Skiens Kunstforening har gleda av å invitera til julemarknad i Ibsenhuset i Skien. Her vil du få moglegheit til å finna unike julegåver frå regionens kunsthåndverkarar. Les meir her.

Designernes Julemarked 2021 på Sørlandets Kunstmuseum: Lørdag 4. desember og søndag 5. desember
Designernes Julemarked har plukka ut over 40 kunsthåndverkarar og designarar som skal fylle kunstmuseet med alt frå smykker og tekstilar til glass og keramikk. Les meir og kjøp billett her.

Julesalongen 2021 på Vestfold Kunstsenter: 4. desember–18. desember
Vestfold Kunstsenter fyller sine nye lokaler til randen med kunst. Alle utstilte arbeider blir solgt rett frå vegg og dei pakkar kunsten for deg på staden, slik at du får det med deg heim. Utstillinga vil by på ei unik moglegheit til å oppleva stor breidde av kunstuttrykk og kunstnarskap. Les meir her.

Midt-Norge

Atelier Ilsvika i Trondheim arrangerer Jul på Spikern 2021: Lørdag 4. desember og søndag 5. desember
Her kan man få kjøpt både kunsthåndverk og design, og markedet tilbyr både kafé og musikkinnslag. Les meir her.

Designmarked på Lager11: Lørdag 27. november og søndag 28. november
Det blir sal av unike produkter som håndlaga smykker, kleder og andre tekstilar, keramikk, tre og metall, i tillegg til bileter i ulike teknikkar, fotografi og plakatar. Les meir her.

Oslo

KHiOs Julemarked 2021: Lørdag 27. november og søndag 28. november
Julemarkedet gir deg moglegheita til å kjøpa kunst fra framtidas kunstnarar. Her finner du alt fra keramikk, tekstil, grafikk, metall og med meir. Les meir her.

Kunstnerforbundets Juleutstillingen 2021: 26. november–23. desember
Alle visningsromma i dei to etasjane blir fylt opp med keramikkoppar, glassvasar, krukker, smykker, skulpturar og tekstilar, i tillegg til måleri, fotografi, teikningar, bøker, grafikk og tekstilar. Les meir om marknaden her.

Salgshallen i Storgata har Kunstutsalg: 20. november–18. desember
Utsalet er ope i helger og ulike typar kunst frå forskjellige kunstnarar. Les meir om utsalet her.

Julemarked i stallen: Lørdag 11. desember, fra kl. 12.00–18.00
Markedet er i verkstedet til Ragnhild Wik (Wik Oslo), og består av kunst fra Cathrine Rasmussen, Coline Delozanne, Guri Sandvik, Alice Helseth, Mette Strøm, Mona Eckhoff Sørmo, Ole Prin-Sand og Ragnhild Wik og Marianne Vigtel Hølland. Les meir om marknaden her.

Julesalg på Frysja: Lørdag 4. desember og søndag 5. desember
Møt kunstnarane i deira atelier og velg blant keramikk, måleri, grafikk, fotografi, skulptur, smykker og tekstil. Julekafé med vafler og heimebakst i fellesrommet. Les meir her.

Oslos supermarked på SALT: 27. november–12. desember
Eit annleis, edgy og koseleg julemarknad med ulikt innhald kvar helg. Julemarknaden arrangeres dei tre første adventshelgene frå 11–17 på SALT. Les meir her.

Jul i Kongensgate: 23. november–23. desember
Årets juleutstilling hos Kunsthåndverkerne i Kongensgate byr på mange flotte gåveidéar. Les meir.

Veit du om noko som burde bli tilført denna oversikten? Kontakt oss på post@kunsthandverk.no, slik at me kan oppdatera artikkelen.

Publisert

Sist oppdatert

Kategorier

Nyheter

Mer fra aktuelt

Gå til Aktuelt