Hopp til hovedinnhold

Bli betre kjent med forlaget KRAFT Press

Nyleg lanserte galleri KRAFT i Bergen sitt eige forlag ved navn KRAFT Press. Forlaget har som formål å utvida og forsterka KRAFT som kunnskapssenter og visningsstad for samtidskunsthandverk.

Utgangspunktet for å starta KRAFT Press, var ein idé om å invitera ulike forfattarar til å produsera frittståande tekstar til pågåande utstillingar ved KRAFT. Gjennom å invitera nye blikk og perspektiv frå andre fagfelt ynskja dei å opna for gjensidig fruktbare og tverrfaglege samarbeid.

Å behandla tekst på same måte som kunsthandverk
For kvar utstilling dei setter opp på KRAFT, har ein ny forfattar blitt invitert til å skriva om utstillingen på fritt grunnlag. – Sidan KRAFT arbeider med objekt og materiale, føltes det svært utilfredsstillande å berre publisera tekstane på nett, fortel dagleg leiar i KRAFT, Kirsti van Hoegee. Dei ville prøva å behandla teksten på same måte som man behandlar kunsthandverk. Dermed blei desse tekstane både eit resultat av forfattaranes frie og eigne tolkningar, samt ein anerkjennelse av tekst som eit eige fagfelt og handverk. Det er detta som i dag er blitt KRAFT Press si første satsing, serien Parallell.

Tre inngangsportalar til kunsten
Fra før av har KRAFT eit pilotprosjekt i samarbeid med synstolk Vidar Melby, der alle utstillingane deira blir synstolka og tilgjengeleggjort på nettsida. Formålet med prosjektet, som er støtta av Balansekunst, er å bidra til inkludering, mangfold og likestilling, og kunna tilretteleggja for at flest mogleg kan ta del i å oppleva kunsten som vises i galleriet. Saman med sjølve utstillingsteksten og synstolkninga, utgjer Parallell den tredje inngangsportalen til kunsten på KRAFT, utenom sjølve verka. Der synstolkning er svært objektiv, er utgivelsane i Parallell forfattaranes eigne frie tolkningar. Dei håpar publikum vil oppleva utstillingane med sitt eget utgangspunkt, der teksten er med på å opna eit nytt rom som gjer at man opplever utstillingen på ein ny måte. Dagleg leiar, van Hoegee, fortel at tilbodet er veldig godt motteke så langt. Både kunstnarane og forfattarane setter stor pris på det, i tillegg til at fleire og fleire melder seg på abonnementsordningen til KRAFT Press.

Fem utgivelsar så langt
Parallell blei lansert i april 2021 og har til no produsert fem utgivelsar. Forfattarane som har deltatt så langt er Maria Dorothea Schrattenholz, Edy Poppy, Erlend Nødtvedt, Cecilie Løveid og Fredrik Hagen. KRAFT arbeider kontinuerlig med å kombinera forfattarskap og utstillingar som tilfører noko til kvarandre.

Det er eit essensielt poeng for KRAFT Press at kunsthandverket blir bevart i alle ledd; frå kompetanse og utstillingsvirksomheit til publikasjonen av det fysiske sluttproduktet. Utgivelsane er produsert lokalt. Dei blir utforma av designbyrået Studio Boi, før dei trykkes på risograf hos Pamflett i Bergen.


Klikk her for å lesa meir om utgivelsane og bli abonnent!


Publisert

Sist oppdatert

Kategorier

Nyheter

Mer fra aktuelt

Gå til Aktuelt