Utlysing AIR 2021

Kort beskrivelse
Utlysing for opphald i 2021
Arrangør
Nordisk Kunstnarsenter Dale

Nordisk Kunstnarsenter Dale oppmodar no kunstnarar, arkitekter, desigarar og kuratorar til å søke om opphald hjå oss i 2021.
Kuratorar kan søke om opphald i ein månad. Øvrige kunstnargrupper kan søkje om opphald på mellom to til fire månader.

Vi tilbyr romslege atelier med tregolv og høge panoramavindauge vendt mot nord. Du får og disponere eigen bustad utanom. Vi husar fem kunstnarar om gongen og senteret er ope året rundt. Senteret har ein verkstad med ei rekkje maskiner spesialisert inn mot arbeid i tre. Vi har også ein flatvev og to industrimaskiner for saum i skinn.

Kunstnarsenteret ligg på Dalsåsen med utsikt over Dalsfjorden, tre timar nord for Bergen. Dale er ei lita bygd med omlag 1500 innbyggjarar, nokre butikkar og kafear, omringa av natur med fine fjellturar rett utanfor husdøra. Du vil ha høve til å søke full konsentrasjon og fordjuping under opphaldet ditt. Vi ynskjer nettopp å tilby moglegheit til å legge andre ting til sides for å vende seg fullt inn mot eigen praksis.

Ta kontakt om du har spørsmål.

Vilkår
Stipend NOK 10.000 per månad. Tur retur reise dekka inntil NOK 5000. Programmet er ikkje ope for studentar.
Hvordan søke
Du kan lese meir og laste ned søknadsskjema på www.nkdale.no
Innsendingsfrist
Søndag, 1. mars, 2020
Navn på kontaktperson
Lillian Samdal / Vilde Jensen Hjetland
E-postadresse til kontaktperson
coordinator [at] nkdale.no
Telefonnr til kontaktperson
+47 96010573