Søk Vestlandsutstillingen 2020

Kort beskrivelse
Søk Vestlandsutstillingen 2020! Fri innsending til landets eldste og einaste kuraterte landsdelsutstilling.
Arrangør
Vestlandsutstillingen

Vestlandsutstillingen (VU) er den eldste landsdelsutstillinga med fri innsending. Det er ei turnerande utstilling som årleg vert vist på Kunsthall Stavanger, Haugesund Billedgalleri, Kunsthuset Kabuso, Kunstmuseet Kube i Ålesund, samt i Førde. Frå og med 2019 vert Vestlandsutstillingen også vist på Kunstgarasjen i Bergen etter eit fråvære frå Bergen på 10 år. Formålet med utstillinga er å arrangere ei årleg utstilling med verk av kunstnarar som har tilknytting til Vestlandet. Utstillinga skal vise fram samtidskunst av høg kvalitet og er eit nasjonalt vindauge utad for kva som skjer på kunstscena i vest.
Elise By Olsen (f. 1999, Oslo) er redaktør og kurator. I 2013 etablerte ho ungdomskulturmagasinet Recens Paper, laga av og for unge menneske. Recens mottok raskt internasjonal anerkjenning og kun tretten år gamal vart Elise By Olsen kjend som verdas yngste sjefredaktør. Som kurator har ho samarbeidd internasjonalt med aktørar som Bjarne Melgaard, galleri Thaddaeus Ropac, det residensbaserte prosjektet 89+ (Hans Ulrich Obrist og Simon Castets) og Google Arts & Culture. Ho er for tida redaktør for Wallet, ein publikasjon for motekritikk. Elise By Olsen føreles ved Central Saint Martins i London og Parsons School of Design i New York. Bur og arbeider i Oslo, Lisboa og London.
Ved å rekruttere Elise By Olsen som kurator for Vestlandsutstillingen 2020 ønskjer VU sine styremedlemmer å gje ein svært ung og talentfull kurator sjansen til å bruke VU som plattform til å formidle sitt eige uttrykk og anliggande. Styret er nyfikne på kva som opptek unge kunstnarar opp mot Vestlandsutstillingen sitt eige hundreårsjubileum i 2022 og håpar at dette møtet mellom ung og gamal vil bidra til å tenkje utover vante perspektiv. Det er venta at utstilling neste år vert ei utforskning av et breidt spekter av unge kunstnartalent i nye format.

Vilkår
Alle kunstnarar med tilknytting til Vestlandet kan søkje om deltaking.
Hvordan søke
http://www.vestlandsutstillingen.no/utlysning-2020/
Innsendingsfrist
Tirsdag, 30. april, 2019
Navn på kontaktperson
Anneli Belsvik Aras
E-postadresse til kontaktperson
kontakt [at] vestlandsutstillingen.no
Telefonnr til kontaktperson
93494145 (måndagar + tysdagar)