er utdanna med sveinebrev i treskjæring og som ingeniør i 3D modellering. Han har vore utøvande i yrka i over 20 år. Per Tore Barmen arbeider med forskjellige medier, men først og fremst med skulptur. Tradisjonelle teknikkar ligg ofte til grunn i arbeida, men han er og opptatt av å utforska og bruka digitale verktøy som finst i dag. I 2015 var han med å starta samarbeidsprosjektet Barmen & Brekke.
Åk
2018
"Åk" er eit arbeid skore for hand ut av eit emne av kristtorntre.
Arbeidet vart laga til utstillinga "Anno 2018, Norsk kunsthåndverk inspirert av middelalderen" ved Domkirkeodden på Hamar.
Biletet under er frå utstilling ved Stord Kunstlag 2019. Foto: Øyvind Hjelmen. Detaljfoto: Per Tore Barmen.
Barmen & Brekke
2015
Barmen & Brekke er eit samarbeid mellom Per Tore Barmen og Siri Brekke tufta på ei felles interesse for handverk, material og tradisjonelle teknikkar. Barmen er utdanna med sveinebrev i treskjæring og som ingeniør i 3D modellering. Han har vore utøvande i yrka i over 20 år. Brekke har bakgrunn i folkekultur- og produktdesignstudier og har eit hovudfag i keramikk frå Kunsthøgskulen i Bergen i 2005. Ho har vore verksam som kunstnar i Bergen, og stilt ut i inn- og utland i over 10 år. Barmen & Brekke byrja å jobbe saman i 2015, og sel sine arbeid blant anna på KODE, kunstmuseene i Bergen, Nasjonalmuseets butikk i Nasjonalgalleriet og Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i Trondheim. I 2017 deltok dei mellom anna med nye arbeid til utstillinga Everything is connected- Norwegian contemporary crafts and design under Milan Design Week og utstillinga Multiply som vart vist ved Hå Gamle Prestegård/Møbelgalleriet Stavanger og ved KRAFT i Bergen. Prosjektet har eigne heimesider: www.barmenbrekke.no. Instagram: @barmenbrekke. Foto: Barmen & Brekke, Siren Lauvdal og Bjørn Johan Stenersen.
Treform
2015
Dreidd form i bøk. To objekt av samme emne som fungerer saman eller kvar for seg. Foto: Siri Brekke.
Untitled
2014
I "Utan tittel" blir trevirket sine grenser utforska, samt overgangar mellom tradisjonell treskjærarkunst og skulpturell utforming. Eit eige uttrykk trer fram, det heile bunde saman og halde oppe av røter, greiner og stammar. Verket er laga av kirsebærtre med innslag av bjørk, utskoren for hand av eit enkeltståande emne. Foto_Kjell S. Stenmarch.
Johannes Andreas Martin
2014
Portrett modellert for hand i leire og seinare overført til gips.
Relief
2014
Relief i bjørk utarbeida og 3D-modellert digitalt, CNC-maskinert og til slutt bearbeida for hand.
Kunstverkene på dette nettstedet er opphavsrettslig beskyttet og er gjengitt med samtykke fra kunstneren / BONO. Bruk av kunstverk kan enkelt klareres hos BONO.