Underskriving av avtale om ivaretaking av kunstnersenterfunksjonane ved SFKM

På biletet f.v. Laura Kvamme (styreleiar i MiSF), Kjartan Aa Berge (adm.dir. MiSF), Aud Marit Skarrebo Holmen (styreleiar BKSF) og Anneli Belsvik Aras (regionleiar NKVN). Foto: privat

Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane, NK Vest-Norge og Musea i Sogn og Fjordane er glade for å ha underteikna ein ny avtale om ivaretaking av kunstsenterfunksjonane ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Dette er ei sak fylkeslaget i NK har jobba med i fleire år, så det er bra for kunstnarane at det no er kome til ei løysing.

Dei fleste fylker i Noreg har eit kunstnareigd og kunstnarstyrt Kunstsenter. Etter 2003 er det Sogn og Fjordane Kunstmuseum som har hatt ansvaret for ivaretaking av kunstsenterfunksjonane i Sogn og Fjordane. Etter fusjonen, mellom Sogn og Fjordane Kunstmuseum og Musea i Sogn og Fjordane, var det på tide å få på plass ein ny avtale om kunstsenterfunksjonane tilpassa dagens forhold og behov.

– Vi trur avtalen blir eit godt grunnlag for vidare samarbeid med Sogn og Fjordane Kunstmuseum når det gjeld kompetanseutvikling, formidling, visning og bruk av ny samtidskunst i Sogn og Fjordane - til beste for publikum, kunstnarane, Kunstmuseet og Musea i Sogn og Fjordane, fortel partane.