Vestlands- utstillingen

2017
Ei skulpturell og avgrensa form i tre er utskoren for hand av eit enkeltståande emne. At skulpturen er utarbeida i endeved gjer det heile til ei større utfordring i forhold til styrke og svakhet. Tre har tallause eigenskapar, knapt noko anna material har tilsvarande. Utgangspunkta har difor vore å utforska treet sine grenser, og overgangar mellom tradisjonell treskjærarkunst og skulpturell utforming for å komma fram til eit eige uttrykk. Det heile bunde saman og halde oppe av røter, greiner og stammar. Foto: Siri Brekke.

Barmen & Brekke

2015
Barmen & Brekke er eit samarbeid mellom Per Tore Barmen og Siri Brekke tufta på ei felles interesse for handverk, material og tradisjonelle teknikkar. Barmen er utdanna med sveinebrev i treskjæring og som ingeniør i 3D modellering. Han har vore utøvande i yrka i over 20 år. Brekke har bakgrunn i folkekultur- og produktdesignstudier og har eit hovudfag i keramikk frå Kunsthøgskulen i Bergen i 2005. Ho har vore verksam som kunstnar i Bergen, og stilt ut i inn- og utland i over 10 år. Barmen & Brekke byrja å jobbe saman i 2015, og sel sine arbeid blant anna på KODE, kunstmuseene i Bergen, Nasjonalmuseets butikk i Nasjonalgalleriet og Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i Trondheim. I 2017 er dei aktuelle med nye arbeider til utstillinga Everything is connected- Norwegian contemporary crafts and design under Milan Design Week og utstillinga Multiply som vert vist ved Hå Gamle Prestegård/Møbelgalleriet Stavanger og ved KRAFT i Bergen. Prosjektet har eigne heimesider: www.barmenbrekke.no. Instagram: @barmenbrekke. Foto: Barmen & Brekke, Siren Lauvdal og Bjørn Johan Stenersen.

Treform

2015
Dreidd form i bøk. To objekt av samme emne som fungerer saman eller kvar for seg. Foto: Siri Brekke.

Johannes Andreas Martin

2014
Portrett modellert for hand i leire og seinare overført til gips.

Relief

2014
Relief i bjørk utarbeida og 3D-modellert digitalt, CNC-maskinert og til slutt bearbeida for hand.