Identitet

2012
På fingertuppane våre har vi fine mønstrar. Kvart vårt eige og unike, tett forbunde med vår identitet. Eg ser ein slags Guds signatur i det. Og eg bruker dette som eit uttrykk for at menneske er skapt i Guds bilde. Autentiske fingeravtrykk, som representerer oss alle; ein i familien, naboen og innvandraren. Den sjuke, den fraskilte og den fattige. Den utstøtte, presten og fotografen. Fiolinisten, songaren og statsråden. Fingeravtrykka er avfotograferte og forstørra, deretter overførte til tekstil og brodert for hand. Også ein variant i keramikk. Verket i tekstil venter på å finne sin heim.

Stille rom

2009
Frå det Stille rommet på Utstein Pilegrimsgard

Krukkesong-åtte krukker syng sine songar-

2017
Krukkesong -åtte krukker syng sine songar- Krukka er ei urform for oss menneske. Leire er blitt forma til krukker frå dei tidlegaste sivilisasjonar. Kven har vel ikkje gjort ei krukke i leire? Krukka er ei form eg vender tilbake til i mitt arbeid med leire. Etterkvart har eg tenkt krukker som menneske med ei ytre form omkring eit indre rom, ho står på ei flate, lett eller tungt mot underlaget, og med ei opning ut, stor eller lita, til omverda. Krukkesong er ei vidareføring av tanken om krukker som menneske, med ei ytre form omkring eit indre rom, men no er det rommet inni krukka det handlar om. At dette rommet inni krukka kan peike mot eit anna rom, og at det kan finnast ein song der. Krukka innhenta meg på ny mens eg som korsongar var med og øvde inn Bach si h-moll messe, som vart framført under Fartein Valen-festivalen i 2016. Eg vart inspirert til å leite etter form og uttrykk for krukker som syng. Musikk og poesi har lokka fram ein lengsel i meg; Tenk om mine krukker kunne romme noko av ein stillhet, eller syngje, syngje…! Krukkesong -åtte krukker syng sine songar- er eit nyskapande konsept mellom keramisk kunsthandverk og musikk. Med tanke på visning og formidling søkte eg samarbeid i musikalsk retning. Messosopranen Sunniva Eliassen frå Tromsø og cellist Ellen-Martine Gismervik frå Karmøy/Oslo deltok på tre av fem framføringar i 2017. Ein av desse som ein del av Fartein Valen- festival programmet (satelittkonsert) for 2017. Kvar av dei åtte store krukkene i Krukkesong har eit tema knyta til seg. Allmenne tema med ein kristen trus-dimensjon over seg. Kvar krukke blir introdusert med korte forteljingar eller poetiske ord før musikken overtek. Djupast sett handlar tema om å finne sin eigen song. Alle foto frå krukkesong, bannerbilde og profilbilde mitt er teke av fotograf Harald Nordbakken, Haugesund.