DIALOG 1 Born, not made JENS ERLAND MØTER ØST-ASIASAMLINGEN

2014
NORDENFJELDSKE KUNSTINDUSTRIMUSEUM, NKIM, Trondheim. Dette er mi tredje utstillinga som utforskar kustnerisk potensiale i det tilfeldige og det imperfekte knytta til produksjon av teknisk porselen. Etter Format, Oslo ynskte eg dialog med ei samling. NKIM hadde Apold-samlinga, ei førti år gammal gåve, ikkje vist i Trondheim før. Eg var hovedkurator, mine arbeid vart integrert i store delar av Apold-samlinga, i tillegg to intervensjonar i van de Velde-romet og Juhl-romet. Utstillinga vart avslutta med eit seminar, som belyste ulike sider ved prosjektet. Rolla som kunstnar og kurator ga ei viktig erfaring. Foto: Uta Freia Beer.

BORN, NOT HANDMADE

2013
Galleri Format, Oslo. Utstillinga er ei vidareføring av tematikken menneske vs. maskin, alle arbeida er laga ved Norsk Teknisk Porselen, Fredrikstad. Utstillingsittelen spelar på den japanske estetikk-filosofen Yanagis slogan "Born, not made". Mine arbeid er laga gjennom kunstnerisk seleksjon av maskinelt "født" materiale, ein framand tanke for Yanagi. Utstillinga vaks fram i spenninga mellom respekt og kritisk oppgjer med det japanske tankegodset, for å lodda relevans i dag. Foto: Helge Jugo Rangen, Erik Worsøe Eriksen, Olav Garborg.

SIRKEL

2010
SKUR2, Stavanger. Tidlegare "Transit Galleri", nå ad-hoc-galleri med inviterte kunstnarar. I utstillinga "SIRKEL" kombinerte eg vidareføring av seriane frå KOMPOSITT med heilt nye arbeid, bl. a. porselensarbeid laga ved NTP, Norsk Teknisk Porselensfabrikk, Fredrikstad. I tillegg til ein vegg dekka med "Variasjon i svart" viste eg verket "Maskin for sirkel", som var grunnlag for ein performance, "Sirkel", vist to gonger. Forestillingane vart filma av Geir Egil Bergjord, videoen vart vist på Kunsthåndverk 2011. Fotio: Olav Garborg

KOMPOSITT

2006
ROGALAND KUNSTMUSEUM, i dag STAVANGER KUNSTMUSEUM. KOMPOSITT er den første, store utstillinga med mitt industrielle oppvekstmiljø som bakteppe. Det var ei vandreutstilling, opning i NKIM, Trondheim, 2005, så Stavanger og Kunstbanken i Hamar, 2006. Utstillinga viste m. a. seriane "lovedeathdust", "Sart/Tender", "Dagbok", "Kvit topp" og "Sanseleg par". Til utstillinga fylgjer boka KOMPOSITT med tekst av Gabi Dewald, og Jorunn Veiteberg. Forfattarane tolkar verka utifrå ein postindustriell kontekst, og går djupt inn i dei formale og meiningsberande sidene ved arbeida. Foto: Olav Garborg